Ny organisering av Bergen Legevakt

PKO-nytt nr.4 2018

Legevakta blei frå 11. april 2018 delt i ein kommunal del og ein spesialisthelsetenestedel. Den kommunale delen vil fortsatt heite Bergen Legevakt og blir driven som ei rein døgnopen allmennmedisinsk legevakt. Helse Bergen vil drive Skadepoliklinikken, som omfattar røntgen og behandling av brot, sår og fysioterapi.

Bergen Legevakt
 

​Hensikta er å få eit klarare skilje mellom allmennhelseteneste og spesialisthelseteneste, og dermed klarare ansvarsforhold. Dette er i samsvar med føringar frå overordna helsemyndigheiter. For pasientane blir den største endringa at det vil bli to ulike køar til innskriving, ei for allmennhelsedelen og ei annen for spesialisthelsedelen.
For lokale legevaktstasjoner, voldtektsmottak, og sjukeheimsegevakt, vil det i praksis ikkje bli nokre endringar. Helse Bergen vil fortsatt drive Akuttpost og Psykiatrisk legevakt.

Bergen Legevakt vil blir driven som ei rein allmennmedisinsk legevakt, analogt med dei fleste andre stadar i Noreg. På dagtid vil den bli driven av fast tilsette legar. På kveld, natt og helg vil den vere bemanna som tidlegare med sjølvstendig næringsdrivande fastlegar (og andre frivillige legar.) Allmennlegevakta vil drive i same lokale som i dag, og bruke same journalsystem som før. Pasientar skal ikkje tilvisast til Bergen legevakt, sidan det er ei rein kommunal legevakt. Lege har ikkje plikt til å sende epikrise etter behandling på Bergen Legevakt, men blir sterkt oppmoda om å gjere det.

Skadepoliklinikken blir ei sjølvstendig organisatorisk eining i Ortopedisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus (HUS). Eigne faste tilsette legar vil jobbe ved Skadepoliklinikken. Radiologisk avdeling ved HUS vil ha ansvaret for radiografane og dei radiologiske tenestene. Pasientar og problemstillingar som blir behandla vil vere uendra frå tidlegare. Opningstidene ved Skadepoliklinikken blir som den har vore tidlegare ved dagens brot- og såravdelinga, kl. 8.30 til 22.15 alle dagar i veka, men med noko kortare opningstid for såravdelinga laurdag, søndag og heilagdagar elles.

Tilvisingsrutinar

Pasientane kan oppsøke Skadepoliklinikken direkte og utan tilvising. Det er også mogleg å tilvise pasientar til Skadepoliklinikken. For tilvising til Skadepoliklinikken skal ein nytte papirtilvising som følgjer pasienten. Tilvising til Skadepoliklinikken skal berre nyttast for øyeblikkeleg hjelp. Fastlege vil få epikrise etter behandling på Skadepoliklinikken. Skadepoliklinikken brukar sjukehusets journalsystem, DIPS. Tilvisingar til Skadepoliklinikken kan derfor ikkje sendast elektronisk i Profdoc.
Psykiatrisk legevakt er også ei avdeling i Helse Bergen. Den krev tilvising frå lege eller psykolog. Tilvisande instans må ta kontakt direkte med legevakta (55568716) for å avtale time. Pasienten må ha med tilvising.