Når elevar ber om fritak i kroppsøving, har fastlegen eit betre alternativ

Nokre elevar treng særskilt tilpassing for å kunne delta og få karakter i kroppsøvingsfaget. Ved å fylle ut skjemaet "Anbefaling om tilrettelegging i kroppsøving» gir legen kroppsøvingslæraren betre moglegheit for å  tilpasse kroppsøvingsfaget til eleven. Skjemaet er tilgjengeleg i InfoDocs og i DIPS.

​Erfaring viser at elevar i vidaregåande som fell frå, ofte fell frå kroppsøvingsfaget først.

Å få karakter i kroppsøvingsfaget er avgjerande for å kunne få vitnemål. Manglande vitnemål gjer opptak til høgare utdanning og/eller til læreplass utfordrande. Forsking viser at det er ein tydelig samanheng mellom oppnådd utdanningsnivå, forventa levealder og helse. Å førebygge fråfall frå kroppsøving gjev altså gevinstar både på kort og lang sikt.

Sjølv om helsetilstanden til eleven gjer ordinær kroppsøving utfordrande, har dei aller fleste elevar moglegheit til å delta i kroppsøving ved tilrettelegging.  Alle nyutdanna kroppsøvingslærarar i den vidaregåande opplæringa har mastergrad innanfor kroppsøvingsfaget og  god kompetanse for tilrettelegging av aktivitetar.

Når fastlegen brukar det nye skjemaet, kan læraren betre tilpasse kroppsøvingsfaget for eleven.


Skjemaet, «Anbefaling om tilrettelegging i kroppsøving» er utvikla av ei gruppe fastlegar og kroppsøvingslærarar gjennom «Kroppsøvingsprosjektet» i Idrettsklynge Vest. Skjemaet er tilgjengelig i InfoDocs og i DIPS.

Skjemaet er også mogleg å laste ned frå Vestland fylkeskommune sine nettsider. Alle elevar i den vidaregåande opplæringa i fylket er oppmoda om å ta med seg skjemaet  og bruke det i samtalen med legen ved spørsmål om fritak.

Det er også utarbeidd eit eige skjema er tilpassa fysioterapeutar, og nyttast av barnefysioterapeutane ed Haukeland universitetssjukehus. 

Spørsmål?
Ta kontakt med prosjektleiar Malene Joensen