Mange avbestillingar til planlagde konsultasjonar

Hundrevis av pasientar avbestiller kvar veke timen som dei er blitt tildelt. Dette gir store utfordringar for sjukehuset som skal ivareta alle som ventar på planlagde operasjonar og polikliniske konsultasjonar.

Eivind Hansen. administrerande direktør

- Mange pasientar er i eit behandlingsforløp, og det er viktig at desse ikkje får unødige avbrot i si behandling. Alle tildelte timar er ei brikke i eit større puslespel, der kvar pasient skal ha undersøking og behandling til rett tid av dei rette fagfolka. Derfor ber vi pasientar møte til timen når dei blir kalla inn, seier Eivind Hansen, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus.

Vi må trygge pasientane

Sjukehuset følgjer nasjonale anbefalingar for å hindre smitte, og brukar mykje ressursar på å legge til rette for trygge konsultasjonar under koronapandemien. Tilsette følgjer nasjonale rutinar for smittevern for å hindre at pasientar eller helsepersonell blir smitta på sjukehuset. 

Nokre er usikker på om dei kan komme til sjukehuset

Før vedkomande kjem til sjukehuset vil vi kartlegge om personen kan vere smitta av koronaviruset. Tre dagar før timen får dei tilsendt lenke til ei sjekkliste på SMS. Det er viktig at dei går inn på helsenorge.no for å svare på sjekklista.  Sjå sjekklista på helsenorge.no Den vil vere rettleiande for om dei skal møte eller be om ei utsetting.

Sjukehuset har på sine nettsider utfyllande informasjon til dei som skal på sjukehuset: viktig informasjon til deg som har timeavtale eller skal på besøk på sjukehuset.  

Når timen blir utsett 

Dersom ein konsultasjon blir utsett blir vedkomande kontakta av sjukehuset per telefon eller brev. Det er viktig at dersom pasienten opplever forverring i sin tilstand i ventetida, må dei ta kontakt med avdelinga kontakt med avdelinga der dei skal møte (sjå innkallingsbrevet).  Konsultasjon via telefon eller video blir nytta vil der det er mogleg, men nokre må rekne med få beskjed om at timen blir utsett. 

Omfanget av koronasmitte i Helse Bergen område kan framleis endre seg. Det kan føre til at sjukehuset igjen må omprioritere og endre planlagde timar på kort varsel. Derfor råder vi alle til å behalde den timen dei har fått tildelt, dersom det er mogleg.