Laboratorieklinikken tilbyr blodprøvetaking i heimen

Nytt frå Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF)

Tilbodet gjeld for pasientar i Bergen kommune, der fastlegen har ansvar for å ta laboratorieprøvar, og pasienten er for sjuk til å reise til legekontoret.

blodprøveglass
 

For å sikre bestilling på rett pasient og samtidig ivareta teieplikta, må ein vere merksam på følgjande:

Elektronisk rekvirering i Interactor:

  • «Prøvetaking hjemme» må førast i feltet for «kliniske opplysninger» ved rekvirering av analyser
  • Hugs å velge fanen «prøvetaking» og merk «tas eksternt» før «send til sykehus» blir aktivert

E-post, opplys om følgjande:

  • Tidspunkt for når ein trykker «send til sykehus» i Interactor (dato og klokkeslett)
  • Namnet på rekvirerande lege og eit telefonnummer som MBF kan ringe til for utfyllande opplysingar
     

E-postmeldinga sendast til:

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF): 
mbfit@helse-bergen.no

Legen vil få bekreftelse på mottatt bestilling. Tenesta har per i dag ingen endra satsar for blodprøvetaking eller eigendel frå pasient. 

Fastlegar kan ringe MBF på telefon 55 97 31 23 ved spørsmål.

Planlegging og ventetid

Laboratoriet vil prøve å samordne blodprøvetaking i same område og treng nokre dagars varsel. Ein må rekne 2-5 dagar frå bestilling til oppmøte hos pasienten. Vi gjer avtalar for kvart besøk og prøvetakinga må gjennomførast på dagtid slik at blodprøvane blir ferdig analyserte same dag. Det må også gjerast avtale om at det er pårørande eller heimesjukepleiar i heimen når vi kjem for å ta prøvane.

Vidare utvikling av tilbodet

Tilbodet er under etablering og utprøving. Det er ikkje tanken at dialogmeldingar skal nyttast til bestilling av prøvetaking heime, men den blir kopla mot bestilling av analysar i Interactor. Omfanget av prøvetaking heime må følgjast nøye, og det er grunnen til at det ikkje blir automatisert i større grad no.