Til kontaktpersonar i kommunane

Koronavirus- ny informasjon til fastlegene

Prøvetakingsprosedyren er endra for Koronavirus (COVID 19).
Det er no tilstrekkeleg at det blir tatt eitt sett luftvegsprøvar av kvar pasient, det vil seie ein frå nasofarynks og ein frå svelg.

​Haukeland universitetssjukehus har fram til no stått for det meste av prøvetaking av personar mistenkt for koronasmitte. Dei siste dagane har vi merka auka pågang frå personar som er tilvist hit for prøvetaking. 
Vi vil ikkje lenger ha kapasitet til å kunne tilby prøvetaking av pasientar som kun oppfyller kasusdefinisjonen, men som ikkje treng sjukehusinnlegging. Vi har avklart at Bergen legevakt snarleg vil starte testing sjølv. 

Kommunar som fortsatt treng tid for å forbetre prøvetaking kan kontakte infeksjonsbakvakt Haukeland universitetssykehus som tidlegare. Telefonnummer til sentralbordet er 55 97 50 00.

 
Prøvane skal sendast hit til Haukeland universitetssjukehus som tidligere. Det er no tilstrekkeleg at det blir tatt eitt sett luftvegsprøvar av kvar pasient, dvs. ein frå nasofarynks og ein frå svelg.

Sjå fleire nyheiter til fastlegane her