Intravenøs jodkontrast ved radiologiske undersøkingar

Ny rutine

Frå 1. september 2018 blir det endringar i rutinane for pasientar som skal til radiologiske undersøkingar der ein nyttar jodkontrastmiddel.  Dette gjeld tid for blodprøvetaking (eGFR), hydrering av pasientar med lav nyrefunksjon og seponering av metformin.

Endringane er basert på den reviderte europeiske retningslinja ESUR, versjon 10.0 (European Society of Urogenital Radiology), www.esur.org og revidert retningsline  for bruk av jodkontrast relatert til nyrefunksjon i HelseVest.

Lenke til ny rutine gjeldande frå 1. september ved Radiologisk avdeling.

Følgjande gjeld frå 1. september ved tilvising:

Blodprøve eGFR

  • Pasientar som blir tilvist til radiologiske undersøkingar der ein som rutine nyttar intravenøs jodkontrast, skal ha ein eGFR prøve ikkje eldre enn 3 mnd fram mot timeavtale (tidligare var denne grensa 14 dagar).
  • Pasientar får informasjon i timetildelingsbrevet dersom dei treng å ta ny prøve eller det manglar prøvar.
  • Fastlegar som tilviser til slike undersøkingar, må fylle ut ei sjekkliste kor informasjon om eGFR blir etterspurt. Sjå kva undersøkingar dette gjeld i sjekklista.  Lenke til sjekkliste
  • Pasientar som har fått timeavtale < 7 dagar fram i tid, skal helst ikkje ta blodprøve hos fastlege, fordi blodprøvesvaret da blir vanskeleg tilgjengeleg  før undersøkinga.


Hydrering

  • Dersom eGFR er under 30, vil Radiologisk avdeling kontakte tilvisande lege og be om at pasienten blir innlagt for intravenøs hydrering før timeavtale.


Bruk av metformin

  • Brukar pasienten metformin og eGFR er under 30 (normalt sett er då metformin kontraindisert, men nyrefunksjonen kan vere forbigåande lav), blir metformin seponert same dag som timeavtalen. Pasienten må kontakte fastlege for ny blodprøve 48 timar etter kontrastinjeksjon før oppstart av metformin. Pasienten får skriftlig informasjon om dette.


Generelt

  • Grenseverdiar /tiltaksgrenser er harmonisert i Helse Vest. Imidlertid kan logistikken rundt blodprøvetaking  vere ulik. Dette kan skuldast pasienttilstrømming, pasientpopulasjon og interne rutinar.