Hiv-profylakse ved risikosex og eliminasjon av Hepatitt C

I 2017 kom tilbod om Preeksposisjonell hiv-profylakse (Prep) til personar med risiko for hiv-smitte ved sex og behandling av Hepatitt C ved LAR- klinikkane. Eit behandlingstilbod som har gitt gode resultat.

Medisinsk poliklinikk ved Haukeland universitetssjukehus har sidan 2017 hatt tilbod om Prep til personar med risiko for hiv-smitte ved sex, i hovudsak menn som har sex med menn (msm). Fram til no har over 250 personar i målgruppa blitt vurdert ved vår poliklinikk, og dei fleste har fått tilbod om Prep. Til saman har vel 1300 personar i Noreg i dag tilbod om Prep.

Prep-tilbodet består av éin tablett med to hiv-legemiddel (emtricitabin + tenofovir) og oppfølging kvar 3. månad med blodprøvescreening for hiv, hepatitt C og syfilis, i tillegg til SOI-screening.

Folkehelseinstituttet rapporterer om betydeleg fall i hiv-smitte i Noreg.
Nedgangen er særleg stor blant menn som har sex med menn. I 2014 fikk 50 msm hiv-diagnose etter smitte i Noreg, i 2018 var det 21.

På Haukeland har vi merka nedgangen ved at det i 2019 ikkje var nokon msm med ny-diagnostisert hiv. Noko som er ei forbetring frå dei siste ti åra, der vi har hatt om lag 5 nye tilfelle per år.

Talet på personar busett i Noreg som blir smitta i utlandet er fortsatt betydeleg.

Det gjeld både menn som har sex med menn som er fødd  i Noreg og msm-innvandrarar. I tillegg også heteroseksuell smitte, i hovudsak menn som blir smitta etter reise i Asia. Målsettinga på lang sikt er å eliminere innanlands smitte av hiv, og ytterlegare redusere utanlands smitte hos personar busett i Noreg.

Dersom fastlege har pasientar med høg risikoåtferd for hiv-smitte, heteroseksuell eller msm, kan pasienten tilvisast Medisinsk poliklinikk for Prep-vurdering.


HCV – Eliminasjon av hepatitt C som folkehelseproblem

I 2017 estimerte vi at det var om lag 1500 personar med kronisk hepatitt C i Bergen og området rundt. Sidan 2017 har 800 personar fått behandling og 95 % av desse har kvitta seg med viruset. Behandlinga er i dag enkel og med få biverknader, og består av 1 tablett dagleg i 8-12 veker.

Helsedirektoratet har på bakgrunn av tilråding frå WHO anbefalt eliminasjon av hepatitt C som folkehelseproblem i Noreg innan 2023, les meir om faglege råd ved hepatitt Cpå Helsedirektoratet sine sider.  https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/hepatitt-c/hepatitt-c-skal-elimineres-som-folkehelseproblem-i-norge.

Hepatitt C behandling der pasienten er

LAR-klinikken i Helse Bergen har deltatt i arbeidet med eliminasjon av Hepatitt C sidan 2017. Gjennom ein studie der ca. 260 pasientar har fått hepatitt C-behandling, viser resultatet betydeleg gevinst av å bringe behandlinga til pasienten. Det har derfor blitt vedteke at LAR-pasientar i framtida hovudsakleg skal få behandlinga på sin LAR-klinikk.

Bergen kommune har sidan 2018 hatt eit team av prosjektsjukepleiarar som driv oppsøkande diagnostikk og hepatitt C-behandling på MO-senter i samarbeid med Medisinsk poliklinikk. Fram til no har 65 pasientar fått starta behandling.
I same periode har Medisinsk poliklinikk behandla over 500 pasientar. Vi merkar at talet på tilviste pasientar går ned, noko som kan tyde på at det er vanskelegare å finne pasientar med fortsatt kronisk hepatitt C-infeksjon.

Screening av hepatitt C

For å nå målet om eliminasjon av hepatitt C i Bergen og området rundt, treng vi derfor hjelp av fastlegane til å screene følgande personer for hepatitt C:

  • Personar som nokon gong har injisert stoff med sprøyte 
  • Personar som har sniffa kokain 
  • HIV-positive personar
  • Mottakarar av blodprodukt før 1992 i Vest-Europa, Nord Amerika, Japan og Australia, og mottakarar av blodprodukt uansett tidspunkt i andre enn dei nemnde landa
  • Innvandrarar frå høgendemiske område
  • Personar som kan ha blitt utsett for ureine sprøyter i helsevesenet
  • Barn fødd av anti-HCV-positive mødrer
  • Pasientar med forhøga ALAT
  • Personar som har vore utsatt for aksidentelt sprøytestikk
  • Pasientar i dialyse
  • Personar med ikkje-profesjonelt utførte tatoveringar
  • Personar som har hatt seksuell omgang med HCV- positive
  • Personar som har vore i  fengsel
  • Menn som har sex med menn
  • Personar som ber om å bli testa utan å ville oppgi årsak

I tillegg til screening av hepatitt C av pasientar som inngår i risikogruppene vil elimineringsarbeidet også vere avhengig av fastlegane når det gjeld årleg HCV-RNA screening av pasientar med pågåande injiserande rusaktivitet.

Aktuelle screeningprøvar før tilvising

HCV-antistoff er basisprøven når det gjeld screening, men når den er positiv vil den bli verande positiv i mange tiår trass vellykka behandling. Positiv antistoffprøve treng derfor ikkje gjentakast.

HCV-RNA er prøven som viser om pasienten har virus i kroppen, og det er berre ved påvist RNA at pasienten treng tilvisast for behandling. RNA må gjentakast dersom det er mistanke om ny smitte.

  • HCV-RNA genotype bestemmer kva behandling pasienten skal ha.
  • ASAT og Tpk i formelen (ASAT/40/Tpk) gir mistanke om cirrhose dersom > 1.
  • HAV-, HBV- og hiv-serologi bør bli tatt grunna same smittemåte som hepatitt C.