Gi status knytt til Covid-19 ved innlegging

Informasjon til fastlegene

AMK opplever at fastlegar ved innlegging av pasientar med diagnosar som ikkje dreier seg om øvre luftvegsinfeksjon manglar informasjon om status knytt til Covid-19.  Det gjer at AMK må gjere ytterlegare utspørjing.

Vi ber derfor om at følgande blir klarlagt før pasienten blir meldt til AMK:

  • Har pasienten vore på reise i utlandet siste 14 dagar?
  • Har pasienten vore i nærkontakt med nokon som har fått påvist smitte?
  • Eller i kontakt med nokon som er i karantene?
     

    I tillegg:

    Har pasienten dei siste 14 dagane hatt:
  • Feber
  • Hoste
  • Tungpust
  • Følt seg forkjøla?

Sjå fleire nyheiter til fastlegane her.