Førebygging av sjølvmord

Komande kampanje i Helse Vest

Visste du at 550-600 personar døyr av sjølvmord kvart år i Noreg? Og at 45 prosent av dei som tar sitt eige liv har vore i kontakt med primærhelsetenesta i månadane før dei tok livet sitt , utan at dei snakka om sjølvmordstankar? Dette ønskjer Helse Vest å gjere noko med gjennom ein folkeopplysingskampanje som startar i månadsskiftet januar/februar 2019.

samtal
 

​Målet er at fleire skal oppsøke hjelp, og at dei skal få hjelp tidleg. Vi ønskjer både å nå dei som er rundt ein person som slit, og nå inn til dei mange som ikkje sjølv oppsøker hjelp.

Gjennom folkeopplysingskampanjen ønskjer Helse Vest å auke kunnskapen og skape openheit rundt sjølvmordsadferd, og senke terskelen for å søke hjelp. Målgruppa for kampanjen er befolkninga på Vestlandet.

Hovudbodskapen i kampanjen er «La oss snakke om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.».

Arbeidsgruppa som har utarbeidd kampanjen vil påpeike at sjølvmord fortsatt må omtalast med varsamheit når det gjeld metode, stad, ungdomskulturar og kjendisar, for å unngå smitteeffekt.
I kampanjeperioden vil bodskapen bli presentert på boards (plakatar utandørs) i bybildet, og på veggplakatar. Kortfilmar vil bli delte i sosiale medium. Det blir også oppretta ei nettside, som inneheld informasjon om sjølvmord, verktøy for å snakke om sjølvmord og informasjon om kvar ein kan få hjelp. Nettsida blir tilgjengeleg ved starten av kampanjen (januar/februar) og adressa vil vere: helse-vest.no/selvmord.

Det er viktig å formidle kvar det er hjelp å få.

  • Fastlege, helsesøster på skolen eller på helsestasjonen, psykolog, psykisk helse- og rusteneste, legevakt eller psykososialt kriseteam i kommunen er første hjelpeinstans.
  • Fastlegen og kommunens psykolog kan tilvise vidare til Barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP) eller Distriktpsykiatrisk senter (DPS) dersom det er behov for det.
  • Ei rekke frivillige organisasjonar er involverte i arbeidet med førebygging av sjølvmord. Enkelte av dei har støttegrupper og hjelpetelefonar.


Kva kan fastlegane bidra med og kva må dei vere merksame på?

Kampanjen kan føre til at fastlegar, legevakt, og andre kommunale helsetenester kan få auka pågang. Det er derfor viktig at dei veit om kampanjen på førehand. Kampanjen er planlagd å starte opp i månadsskiftet januar/februar 2019, og varer i tre veker.

Mange pasientar som tar kontakt med fastlegen, fortel ikkje om sine sjølvmordstankar, men fortel heller om somatiske plager, søvnvanskar eller ein vanskeleg livssituasjon. Du som fastlege må være merksam på at fleire pasientar kan komme til deg med ulike vanskar og sjølvmordstankar i forbindelse med kampanjen.
For mange av dei som slit, er fastlegen første møte med hjelpeapparatet. Ved å avdekke sølvmordstankar på eit tidleg stadium, er det mogleg å komme i posisjon til å gi hjelp og førebygge sjølvmord. Studiar viser at 77 prosent av dei som tar livet sitt, har vore i kontakt med primærhelsetenesta året før sjølvmordet, og 45 prosent har vore i kontakt månaden før. Personar over 55 år var i større grad i kontakt med primærhelsetenesta ein månad før sjølvmordet enn dei under 35. Kvinner søkte også i større grad hjelp enn menn.

Hjelpetelefonar

  • Ved akutte situasjonar, ring legevakta på 116 117,
  • ved livstruande situasjonar, ring nødnummer 113
  • Mental Helse: 116 123
  • Røde Kors: 800 33 321
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40

For råd og anna informasjon viser vi til nettsida som vil bli publisert før starten av kampanjen: helse-vest.no/selvmord. Her vil aktuelle telefonnummer i helseføretaka stå. 


Har de behov for meir kompetanse på området?

Kontakt underteikna, som kan formidle kontakt om kven som kan bidra med kompetanseheving. Her kan regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest), og fagpersonar i helseføretaka bidra med kompetanse.


E-læring for helsepersonell

Vi anbefaler også e-læringskurset som er utarbeidd og spesielt retta mot fastlegar og psykologar i kommunane. Kurset gir ei grunnleggande innføring i å gjennomføre ei risikovurdering på sjølvmord. Det tar to timar å gjennomføre, og er godkjent som valfritt kurs (3 timar) til vidare- og etterutdanning for allmennmedisin og barne- og ungdomspsykiatri: https://selvmordsrisikovurdering.no/. For spørsmål og meir informasjon, ta kontakt med Carina Paulsen på telefon 41533860. www.helse-vest.no