Elektronisk epikrise mv. til fleire kommunale tenester

Ved å nytte meldingssystemet frå DIPS, kan sjukehuset sende fleire viktige dokument elektronisk til helse- og omsorgstenester i kommunane når pasienten skal skrivast ut.

​Dokument som epikrisar, polikliniske journalnotat mv. kan no sendast elektronisk til definerte tenester i kommunar som vi samhandlar med, i tillegg til at dei som før blir sendt til fastlegen.  Rutinen for slik sending tar omsyn til pasienten sitt behov for integritet og personvern opp mot tenestene sitt behov for informasjon. Berre når det er fagleg behov for det, skal detaljert informasjon om pasienten delast med andre enn fastlegen.

 

Når pasienten skal til sjukeheim

Dersom pasienten blir skriven ut til sjukeheim, skal det i tillegg til fastlege, alltid sendast epikrise mv. til legetenesta ved sjukeheimen. Utskrivande lege sender nødvendige dokument på «epikriseformat» til aktuell legeteneste.
 

Når pasienten skal heim 

Dersom pasienten blir skriven ut til heimen, skal det vurderast i kvart enkelt tilfelle om det er nødvendig å sende epikrise mv. til fleire enn fastlegen. Mest relevante mottakar er sjukepleietenesta som gir heimebaserte tenester til pasienten. Den sjukepleiaren på sjukehuset som kjenner pasienten, har ansvar for å ta dette opp med sjukehuslegen i samband med utskriving. Utskrivande lege vurderer behovet, og sender nødvendige dokument på «epikriseformat» til aktuell mottakar.
 

Rutinen er forankra

Utarbeidinga av rutinen har vore leia av Seksjon for samhandling med bistand frå føretaksjurist og fagdirektør. Helsepersonell ved Mottaksklinikken har vore involvert, det same har alle kommunane som vi samhandlar med, samt Brukarutvalet i Helse Bergen. 

Rutinen er no publisert i Elektronisk kvalitetshandbok, sjå «Sending av dokumenter på epikriseformat til helse- og omsorgstjenester i kommunen»