Dialogmelding til laboratoria i Helse Bergen

Lab. info

Frå 13.05.19 vil det vere mogeleg å sende dialogmelding mellom eksterne rekvirentar og lege ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) og Hormonlaboratoriet i
Helse Bergen. Etter ein prøveperiode vil tenesta bli utvida til å gjelde andre laboratorium i Helse Bergen.

​Eksterne rekvirentar kan no sende dialogmelding til lege ved MBF og Hormonlaboratoriet med førespurnad om medisinsk rettleiing i samband med val av analysar og tolking av analyseresultat hos pasientar. Tenesta vil i første omgang gjelde analysar innan fagområda medisinsk biokjemi, lege- og rusmiddelanalysar, samt hormonanalysar. Dialogmelding er i denne omgang ikkje i bruk for fagområda mikrobiologi, immunologi og patologi. Ny informasjon vil bli sendt ut når dialogmelding til andre laboratorium i Helse Bergen er klar til bruk.

Dialogmelding kan nyttast av rekvirentar med journalsystema Infodoc Plenario, System X og CGM Allmenn, og som allereie samhandlar elektronisk med Helse Vest.

Nytt følgjande adresser, under Helse Bergen, til førespurnad innan:
  • Medisinsk biokjemi:
    Laboratoriefag - MBF - Medisinsk biokjemi
  • Lege- og rusmiddelanalysar:
    Laboratoriefag - MBF - Klinisk farmakologi
  • Hormonanalysar:
    Laboratoriefag - Hormonlaboratoriet

Bruk av dialogmelding

  •  Forventa svartid er 2-4 virkedagar etter mottatt melding.
  • Ved manglande eller negativ kvittering på dialogmelding så anbefalast det at ein kontaktar mottakar på telefon.
  • Ikkje send vedlegg med dialogmeldinga.
  • Førespurnad og svar på dialogmeldingar vil bli lagra i pasientjournal både hos rekvirent og på sjukehuset, og tilgjengeleg for pasienten på Helsenorge.no.

    Ansvarlege avdelingar

    Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi og Hormonlaboratoriet
    Kontaktperson: Kåre Sønstabø, spesialbioingeniør
    Telefon: 55 97 31 17