Brystdiagnostisk senter har flytta

Brystdiagnostisk senter har flytta frå Hudbygget på Haukeland universitetssjukehus, til det nye sjukehusbygget på Haraldsplass Diakonale Sykehus.

 

Brystdiagnostisk senter blir å finne i 5. etasje, og har eigen resepsjon i denne etasjen. Der vil ein kunne få informasjon om timeavtale mm. Tildelinga av timar på ny adresse startar snart. Brystdiagnostisk senter er framleis ein del av Helse Bergen, og vil behalde same telefonnummer.