Brystdiagnostisk senter flyttar

I første del av november 2018 flyttar Brystdiagnostisk senter frå Hudbygget på Haukeland universitetssjukehus, til det nye sjukehusbygget på Haraldsplass Diakonale Sykehus.

 

Brystdiagnostisk senter blir å finne i 5. etasje, og har eigen resepsjon i denne etasjen. Der vil ein kunne få informasjon om timeavtale mm. Tildelinga av timar på ny adresse startar snart. Brystdiagnostisk senter er framleis ein del av Helse Bergen, og vil behalde same telefonnummer.