Bergensklinikkene er blitt ein del av Helse Bergen

1. desember vart Bergensklinikkene ein del av Helse Bergen og Avdeling for rusmedisin er no ansvarleg for vidare behandling av alle pasientar frå Bergensklinikken. Dette får i utgangspunktet ingen konsekvensar for pasientane. Dei som har timeavtale eller avtale om innlegging ved Bergensklinikken, møter på avtalt tid og stad.

overføring av journal
Dersom ein ikkje ønsker at vidare planlagt behandling skal skje i Helse Bergen etter 1. desember, må pasienten ta kontakt med behandlaren sin eller den seksjonen han/ho får oppfølging frå.


Når Bergensklinikken blir ein del av Helse Bergen, blir også pasientjournalane overførte. Det er lovfesta krav til oppbevaring og lagring av journalar og Helse Bergen har forsvarlege system for å ivareta dette kravet.

Dersom pasientar ikkje ønskjer at journalen deira skal bli overført til Helse Bergen, kan dei be om at journalen blir overført til ei anna bestemt verksemd for rusbehandling eller eit anna helseføretak.
Dei må i så fall gi melding om dette til Bergensklinikken
på tlf. 55 90 86 00 innan 15. januar. Sjølve overføringa skjer etter dette.

Historiske journalar blir overførte til Helse Bergen og arkivert.
Tidlegare pasientar som ikkje ønskjer at journalen deira skal overførast til Helse Bergen, må også gi melding til Bergensklinikken på tlf. 50 90 86 00 innan 15. januar. 

Her kan du lese meir om overgangsprosessen og bakgrunnen.

Fann du det du leita etter?