Barne- og ungdomsklinikken startar avansert heimesjukehus for barn og unge

I mai 2020 startar Barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus opp eit pilotprosjekt med tilbod om Avansert heimesjukehus for barn og unge. Avansert heimesjukehus skal tilby behandling, pleie og oppfølging heime i staden for på sjukehuset.

Avansert heimesjukehus
 

​Auka livskvalitet

Erfaring viser at barn blir fortare friske heime, og at barn og familiar som regel har det best heime. Kvaliteten er like god som på sjukehuset, og kvardagen blir oppretthalden for heile familien. Oppsummert betyr det betre helse, mindre belastning og auka livskvalitet for både barnet og familien.

Personalet består av erfarne sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og overlege som er spesialist i pediatri.
Tilbodet om heimesjukehus er ikkje avhengig av diagnose, men av problemstilling og tilstand og om barn og familie sjølve ønskjer det.
Heimesjukehuset kan blant anna tilby blodprøvetaking, sårstell, observasjon og vurdering, vektkontroll og smertelindring.
Om tilstanden tilseier det, blir barnet overflytta til innlegging på sengepost. Avansert heimesjukehus vil samarbeide med barnets ansvarlege lege i sjukehuset.

Samarbeid med primærhelsetenesta

Avansert heimesjukehus vil samarbeide med dei ulike tenestetilboda i bydelane for å skape ein mjuk overgang mellom sjukehus og primærhelseteneste. AHS vil også tilby å kome i barnehage og skule for å for eksempel ta blodprøver, dersom barnet/familien ønskjer det, slik at barnet sin normale kvardag i størst mogleg grad kan oppretthaldast.
Der det er aktuelt, vil Avansert heimesjukehus prøve å få til heimebesøk saman med helsesjukepleiar og/eller heimesjukepleie.
I pasientsituasjonar der spesialisthelsetenesta har opplæringsansvar for primærhelsetenesta, vil deler av opplæringa kunne bli gitt av Avansert heimesjukehus i kommunen.


I piloten vil opningstida vere 08.00-18.00 måndag til fredag.
I løpet av prosjektperioden 2020-2021 forventar vi å auke opningstida til sju dagar i veka.