Eg har sjølv slite med angst og depresjon, men klatresporten blei mitt vendepunkt. No hjelper eg andre pasientar ut i aktivitet som erfaringskonsulent. I BA kan du også lese historia til Matilda: Ho var einsam og deprimert, men for henne blei fotballen redninga. «-Jeg hadde aldri vært der jeg er i dag om det ikke hadde vært for Psykiatrialliansen» seier ho. (Heile saka BA abonnement 16.10.18:) Dette viser kor viktig aktivitet er.
Tilbod open for alle
I Bergen kommune er det mange tilbod for menneske med psykiske lidingar og rusproblem. Dei fleste av dei er gratis og opne for alle.
Men pasientane må få vite om tilboda, og fastlegar kan hjelpe dei å finne meiningsfylte aktivitetar gjennom gode aktivitetsoversiktar:
- Ettervern.bergen.no er eit oppslagsverk med kontaktinformasjon til alle aktivitetstilboda i Bergen.
- Aktivitetskartet.no er ei helt ny og brukarvennleg side utarbeidd av psykolog Leif Arvid Øvernes ved Kronstad DPS. Den viser oppdaterte aktivitetar dag for dag, og skal hjelpe brukarar å kome i gang med aktivitetar. I mange tilfelle kan også aktivitetsleiarar, erfaringskonsulentar og psykiatritenesta følgje brukarane til aktivitetane for dei som synest det er vanskeleg å møte dei første gongane.