MRSA – framleis ei utfordring?

Nasjonal MRSA-veiledar vart første gong utgitt i 2004, likevel har helsepersonell i og utanfor sjukehus varierande grad av kjennskap til innhaldet. Kva står der eigentleg og kven kan vi spørja om råd når vi står fast?

​Smittevernpersonell i sjukehus får ofte spørsmål knytta til handtering av MRSA-positive personar. Kven skal testast, og kven treng ikkje testast? Skal sanering iverksetjast eller ikkje, og i så tilfelle kor mange forsøk?

Nasjonal MRSA-veiledar gjev faglege råd, men ofte finst det ingen fasit og det må gjerast ei individuell vurdering av kvart tilfelle. Det kan til dømes vera vanskeleg å ta stilling til om personar med MRSA bør følgjast opp med spesifikke tiltak når dei ikkje er faste mottakarar av helsetenester og heller ikkje arbeider i helseinstitusjon. Det generelle inntrykket er at vi gjer for mykje og at tiltaka utanfor sjukehus blir for omfattande.

Kva er MRSA?

Gule stafylokokkar er ein vanleg normalflorabakterie hos menneske og dei fleste av oss kjem i kontakt med gule stafylokokkar i løpet av livet. Bakterien fører vanlegvis ikkje til sjukdom hos friske personar.  MRSA (meticillin-resistent gul stafylokokk) er ein variant av gule stafylokokkar som er motstandsdyktig mot antibiotika, men MRSA skil seg ikkje frå andre gule stafylokokkar når det gjeld evne til å gje sjukdom. Berarskap (kolonisering) med MRSA gjev ingen symptom.

Hvis MRSA ikkje er så farlig, kvifor skal det då setjast i verk tiltak?

Gule stafylokokkar er oftare årsak til sjukdom hos pasientar og bebuarar i helseinstitusjon. MRSA kan gje infeksjonar hos dei med alvorleg underliggjande diagnosar eller sterkt nedsatt infeksjonsforsvar. Sjølv om ein asymptomatisk berar ikkje er sjuk kan ein berar smitta andre med bakteriar frå sin eigen flora, difor finst det eigne tiltak mot MRSA i helseinstitusjon.
Påvisning av MRSA åleine er ikkje indikasjon for antibiotikabehandling. Behandling av MRSA-infeksjonar følgjer dei vanlige prinsippa for antibiotikabehandling (klinisk indikasjon). Behandling av klinisk MRSA-infeksjon er heller ikkje synomymt med sanering av berartilstand, berarskapet vedvarer hos mange etter at den kliniske infeksjonen er ferdig behandla.

Kor smittsamt er eigentleg MRSA?

MRSA smittar i all hovudsak frå person til person gjennom direkte kontakt. Familiemedlemmer under samme tak smittar kvarandre fordi dei bur og lever tett saman over tid. Etter mange år med smittesporing i sjukehus kan vi trygt seia at det skal litt til før MRSA «hoppar» frå pasient til helsearbeidar eller omvendt. Dessutan må vi ta inn over oss at dei aller fleste MRSA-berarar forblir uoppdaga, og at vi som helsearbeidarar ikkje har fullstendig oversikt over kvar resistente bakteriar finst og ikkje finst. Vi kjem altså veldig langt med alminneleg god handhygiene (handvask med såpe og vatn eller handdesinfeksjon med sprit). Når vi dessutan brukar frakk og hanskar ved handtering av blod og andre kroppssekret (basale rutiner) hindrar vi smitteoverføring  frå både kjente og ukjente berarar.

I og utanfor sjukehus er ikkje det samme!

Det er stor skilnad på risikobiletet i og utanfor sjukehus, både spredningspotensialet og konsekvensane av smitteoverføring er annleis. Omfattande smitteverntiltak mot MRSA og andre resistente mikrobar er derfor i all hovedsak retta mot pasientar innlagt i institusjon. Retningslinjer frå sjukehus kan ikkje utan vidare overførast til fastlegekontor eller private heimar. Pasientar som kjem heimefrå til kortvarig prøvetaking og undersøking utgjer ein svært liten smitterisiko sjølv om dei skulle bera med seg ein antibiotikaresistent mikrobe. MRSA-positive personar kan derfor sitja på venterom hjå fastlegen og i sjukehuset sin poliklinikk utan å vera «smittebomber». Helsepersonell treng ikkje bruka eige beskyttelsesutstyr dersom dei bare skal samtala med pasienten.

MRSA og forhåndstesting av helsepersonell

Det er viktig å vera klar over at krav om forhåndstesting før arbeid kun gjeld for helsearbeidarar i sjukehus og sjukeheim og då etter bestemte kriterium. Til dømes kan ein sjukepleiar eller assistent som skal arbeida i heimetenesta utanfor institusjon ikkje avkrevjast MRSA-test før arbeid, dette finst det ikkje lovhjemmel for. Det er aldri ein gode idé å MRSA-testa nokon for «sikkerheits skuld». Arbeidsrestriksjonar for MRSA-positive helsearbeidarar som ellers er friske sit langt inne. Vi vil legga ned betydelig innsats for at vedkomande kan halda fram i jobben sin. Det er viktig å vera klar over at dei generelle reglane om arbeidsforbud uansett ikkje gjeld for ansatte i helsetenesta utanfor institusjon.

MRSA og smittesporing ved tilfeldig funn hos helsearbeidar eller pasient/brukar

MRSA- veiledaren anbefaler smitteoppsporing rundt personar med MRSA når den smitta eller nokon dei bur saman med er pasient eller arbeider i helsevesenet. Formålet med tiltaka er å halde MRSA-bakterien ute frå institusjonar. Det bør ikkje gå automatikk i at alle som bur under samme tak som ein MRSA-positiv person blir testa, her må vi tenkja oss om før vi set iverk omfattande prøvetaking. Smittesporing og sanering skal begrunnast samt vera både hensiktmessig og gjennomførbart. Er det snakk om testing av små barn? Forstår alle norsk? Er det bruk for hjelp og tilrettelegging utanifrå? Sanering er tross alt eit frivillig tilbod. Kvart tilfelle må vurderast individuelt. Dei aller fleste vil kvitta seg med MRSA-bakterien over tid, men tidsaspektet her er veldig individuelt. Sanering er eit forsøk på å framskynda denne prosessen, og det er ikkje alltid sanering lykkast.

Kva med gravide og resistente mikrobar?

Gravide er vanlegvis ikkje mer mottakelege for smitte enn ikkje-gravide, dette gjeld også for MRSA og andre resistente bakteriar som vancomycinresistente enterokokkar (VRE) og ESBL-produserande bakteriar. Gravide følgjer vanlige retningslinjer og det er ikkje nødvendig med eigne forhåndsreglar. Det er uansett ingen helsearbeidarar som blir testa for VRE og ESBL, heller ikkje gravide.


Ta kontakt med regionalt kompetansesenter for smittevern i Helse Vest (55975717)

Kva skal ein gjera dersom ein står fast: Ta kontakt med kvalifisert smittevernpersonell for rådgjeving og lag ein plan før sanering og ytterlegare testing. Gjennomtenkt strategi for prøvetaking og relevant informasjon til den som er positiv er heilt avgjerande for å handtere situasjonen på ein god måte.

Relevante lenker

Regionalt kompetansesenter for smittevern i Helse Vest
MRSA, VRE, ESBL; regionale anbefalinger
Nasjonal MRSA-veileder