Leverandørkontakt

Vi har ein visjon om å få mest mogeleg helse ut av kvar krone, gjennom ein rasjonell, effektiv og økonomisk innkjøpsprosess.

​​​​​​​For å oppnå denne visjonen ønskjer vi marknadsorienterte leverandørar.

Marknadsorientering er definert som: 
"Ein organisasjon si innhenting av marknadsinformasjon, diffusjon/spreiing av marknadsinformasjon innad i organisasjonen, og respons i form av forbetra marknadstilbod."

Helse Bergen stiller store krav til eigen logistikk, og vi forventar at leverandørane våre gjer det same. Dess flinkare leverandørar vi har, dess betre kan vi disponere ressursane våre. 
Aktuelle anbod er tilgjengelege på www.doffin.no​​

​Etikk  

Etiske retningsliner for leverandørane våre:


God etikk er å vere lojal mot dei innkjøpsrutinar, reglar og ordningar som gjeld for Helse Bergen HF.
  
God etikk er å gi fullstendig og korrekt informasjon i innkjøpsprosessen.
  
God etikk er å forvalte Helse Bergen HF og leverandøren sine ressursar på ein best mogeleg måte.
   
God etikk er å behandle kommersiell marknadsinformasjon på ein slik måte:

  • At det blir tatt omsyn til framtidig konkurranse. 
  • At avtaleprisar blir halde konfidensielle.
  • At sjukehusets val av produkt- og avtaleleverandørar blir respektert av alle marknadsaktørar. 
  • At åtferd som viser at ein ønskjer å be sjukehuset om informasjon vedrørande konkurrentane sine avtaleprisar blir oppfatta som uakseptabel og bryt med "Lov om offentlige anskaffelser".


Leverandøren skal ikkje tilby noka form for økonomiske fordelar som kan skade framtidig konkurranse eller skade sjukehuset slik at det etiske ryktet blir svekka. Økonomiske fordelar blir skildra her som: Gåver, tilbod om reiser eller ulike former for sponsing.

    
Skriftlege invitasjonar frå leverandørar til Helse Bergen HF skal alltid sendast til postmottak, adressert til administrerande direktør. Det er direktørens ansvar å gi aksept for reiser og kurs betalt av våre leverandørar. Aksept kan berre bli gitt dersom følgjande kriterium er oppfylte:

  • ​Invitasjonen er fagleg relevant og ville normalt blitt prioritert innanfor ordinære budsjett. 
  • Invitasjonen skal ikkje medføre bindingar eller inhabilitetsproblem for personar eller avdelingar som blir inviterte. 
  • Invitasjonen må ikkje oppfattast av andre som konkurransevridande eller som forskjellsbehandling. 
  • Invitasjonen er ein del av eit skriftleg tilbod eller ei delyting av inngått innkjøpsavtale. 
  • Invitasjonen må ikkje vere kopla mot pågåande eller framtidige innkjøp. 

Alle førespurnader frå Helse Bergen HF som blir meldt leverandøren om økonomisk støtte, skal vere skriftlege. 
      
God etikk er å ikkje blande personlege og faglege interesser med omsyn til innkjøp.
   
Interessekonfliktar skal ikkje finne stad. Dette innber også forhold der leverandøren kan ha private eller familiære interesser som kan påverke innkjøpet. ​


Kontakt Helse Vest Innkjøp

Helse Vest Innkjøp

​Telefon

55 97 67 00

E-post

post@helse-vest-innkjop.no

​Postadresse

Helse Vest Innkjøp HF
Postboks 2334 
5867 Bergen​