«MS hva nå?»
Dette er eit e-læringskurs for dei som nyleg har fått MS og deira pårørande. Kurset har som mål å gi betre kunnskap om MS, og bidra til å handtere utfordringane sjukdommen gir. Kurset er utvikla av Nasjonal kompetansetjeneste for multippel sklerose (MS) i samarbeid med Team for digital læring i Helse Vest, og det tar ca. ein time å gjennomføre det.
Norsk MS-rettleiar har fått ny og betre utforming og nye funksjonar. Blant anna har den fått ein søkefunksjon, og det er vesentleg lettare å manøvrere i den. Målgruppa er primært pasientar og pårørande, men rettleiaren er også nyttig for helsepersonell. Helse Vest IKT har hatt ansvaret for den tekniske løysinga: www.msveileder.no.
Vi i Nasjonal kompetansetjeneste for multippel sklerose håpar at de vil spreie dette til alle som kan ha nytte av verktøya, og at de sjølve også vil ha glede av det!