Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dialog mellom eMeistring og fastlege

Dialogmelding blir sendt ut til alle fastlegar som har pasientar som tar «Direkte kontakt» med eMeistring. Hensikta med dialogmeldinga er at legane skal bli informerte om at vi har pasienten i behandling. Vidare å gi fastlegen moglegheit til å kontakte oss med informasjon om eventuelle helseopplysningar som kan vere relevante eller kontraindisert for pasientens behandling i eMeistring.

Publisert 01.10.2021
Sist oppdatert 07.06.2023
Ikon

​Bakgrunn

eMeistring tilbyr behandling over internett for panikkliding, sosial angst eller depresjon for vaksne over 18 år. Ved oppstart av tilbodet «Direkte kontakt» i 2016, deltok vi på eit informasjonsmøte med fastlegar (PKO, HUS) om vårt nye tilbod. Etter ønske frå fastlegane vart det vedteke at dialogmelding skulle skrivast og sendast ut til alle fastlegar som har pasientar som tar «Direkte kontakt» med eMeistring.

Etter at pakkeforløpet for rus og psykiatri blei innført nokre år tilbake, tilførte vi i dialogmeldinga ei setning for å gi fastlegen moglegheit til å kontakte oss med informasjon om eventuelle helseopplysningar:


 «I henhold til retningslinjer for pakkeforløp ber vi om å få eventuell informasjon om somatisk status og/eller medikamentbruk som kan ha betydning for behandlingen. Ingen endringer vil bli gjort i eventuell medisinering av pasienten under behandling i eMeistring».

Slik fungerer Direkte kontakt

Pasienten loggar seg inn via Helsenorge og fyller ut søknad om eMeistring.
Søknaden blir rettigheitsvurdert av psykologspesialist. Pasienten kjem til vurderingstime i eMeistring for utgreiing.


Samtykke

Pasienten blir i Helsenorge-portalen informert om følgande:


«Fastlegen har behov for informasjon om din helse. Vi informerer derfor din fastlege om at du har tatt kontakt. For at vi skal kunne vurdere om eMeistring passer for dine vansker, kan det være nødvendig for oss å innhente opplysninger fra din elektroniske journal. Vi bruker kun disse opplysningene for å vurdere din henvisning og som hjelp i en eventuell vurderingssamtale. Ved at du sender inn søknadsskjemaet samtykker du til dette».


Prosedyre for Dialogmelding

  • Informere pasientens fastlege om at pasienten er kalla inn til vurdering for behandling i eMeistring.
  • Legen må ikkje gjere  noko, men kan sende ei tilbakemelding til oss dersom legen tenker at det er helseopplysningar som kan vere av betyding for pasientens behandling.
  • Behandlar i eMeistring sender behandlingsplan ved oppstart, og epikrise til pasientens fastlege når behandlingsforløpet er over.


eMeistringsseksjonen har vore gjennom ein lang prosess for å utvikle tilbodet «Direkte kontakt» og vi får mange gode tilbakemeldingar frå fastlegar på Dialogmeldingane som blir sende ut.  Om fastlegar føretrekker å skrive tilvising til eMeistring sjølve, kan dei gjere det. Vi mottar mange primærtilvisingar frå fastlegar.


Hensikta med «Direkte kontakt»-prosjektet er å forsøke å nå pasientane tidlegare i sjukdomsforløpet og nå ut til dei som eventuelt ikkje kontaktar fastlegen.
Vårt mål er å ha eit godt samarbeid med fastlegane og at pasientane skal bli best mogleg ivaretatt. Dersom det syner seg at noverande praksis kan skape misforståingar og er uklar, tar vi dette på alvor og vil gjennomgå teksten i dialogmeldinga på nytt.
Om det er behov for å avklare eventuelt andre forhold som gjeld «Direkte kontakt» og dialogmelding til fastlegane, er det berre å ta kontakt med eMeistringsseksjonen.


Meir informasjon om behandlingstilboda finn du på våre nettsider eMeistring - Helse Bergen (helse-bergen.no)


Med vennleg helsing eMeistring ved seksjonsleiar Kjersti Skare.