HELSENORGE

Utdanning i familiebasert terapi ved Anorexia Nervosa (FBT)

Kropp og selvfølelse i Helse Vest – eit kompetanseutviklingsprogram for personell som behandlar menneske med spiseforstyrringar har dei siste åra tilbydd utdanning i familiebasert terapi ved spiseforstyrringar.
Programmet har vore utvikla og gjennomført i samarbeid med erfarne behandlarar frå Bispebjerg hospital i København. Tilbakemeldingane frå tidlegare deltakarar er gode. 

Førelesar og rettleiar

Førelesar og rettleiar er psykologspesialist Mette Bentz ved Ambulatoriet for spiseforstyrrelser, Børne- og Ungdomspsykiatrisk Center, Region Hovedstadens Psykiatri, København. 

Familiebasert terapi 

Familiebasert terapi er den leiande polikliniske metoden for barn og unge med spiseforstyrringar og er anbefalt som førsteval ved anorexia nervosa hos barn og unge både i dei norske retningslinjene for behandling av spiseforstyrringar. 
Om spiseforstyrringar på helsedirektoratet.no
Alle som behandlar barn og unge med spiseforstyrringar i spesialisthelsetenesta i Helse Vest er aktuelle som deltakarar. Utdanninga startar med eit introduksjonsseminar over tre dagar som gir innføring i metoden, deretter blir det gitt rettleiing på behandling av deltakaranes eigne pasientar i løpet av det påfølgande året. 

Deltakarane bør behandle ein eller fleire pasientar med spiseproblematikk i tida utdanninga pågår. 

Koirleis delta?

Leiarar og kontaktpersonar i lokale helseføretak får tilsend invitasjon i god tid før oppstart. Plassar blir fordelte ut frå befolkningsgrunnlaget i dei lokale helseføretaka.

Gratis

Utdanninga går over eitt år og er gratis. 

Fann du det du leita etter?