SpecBase

Trygge prøvesvar med databasehandsaming av instrument- og analysedata.

Specbase

​Read the English version

Massespektrometri blir rekna som ein gullstandard innanfor analyseverksemd. Bruken av denne teknologien ved kliniske laboratoriar er ganske ny. Ved Hormonlaboratoriet nyttar vi massespektrometri til nøyaktig måling av hormonar i blod, urin og spytt.

Alle metodane i bruk er utvikla ved laboratoriet. Massespektrometri er kostbar og kompleks, og store mengder data blir danna i analyseprosessen. Det finns ulike instrumenttypar og modellar, kvar med sin eigen programvare. Dette skaper store utfordringar med å integrere massespektrometri i den kliniske analyseprosessen, som i seg sjølv er kompleks og pålagd høge krav til analysekvalitet og dokumentasjon.

SpecBase er utvikla ved Hormonlaboratoriet i tett samhandling mellom metodeutviklarar og personale i drift, og programmerarar frå Helse-Vest IKT. Det er den første programvaren som integrerer massespektrometri heilskapleg i den kliniske analyseprosessen, uavhengig av instrumentmodell, type og leverandør. SpecBase samlar inn og koplar den store mengda med data frå alle delprosessar, i frå mottak av prøven, gjennom prøveopparbeiding og analysering, fram til endeleg prøvesvar.

Data frå kvar enkel prøve blir automatisk vurdert etter innebygde algoritmar og kliniske kontrollreglar. I tillegg til prøvesvaret kan driftspersonalet og andre brukarar få hurtig oversikt over tekniske data knytta til instrumenta, kvalitetskontrollar, kalibratorar og kjemikaliar. Vi oppnår betre sikkerheit, kvalitet og meir effektiv bruk av tid. Også andre laboratoriar som nyttar massespektrometri kan ha stor nytte av SpecBase for optimal og sikker drift.
Brosjyre om SpecBase.

specbase@helse-bergen.no 
Prosjektleder: Bjørg Almås, FoU-leder Hormonlaboratoriet bjorg.almas@helse-bergen.no
Innovatør: Ralf Kellmann, forskar/metodeutviklar Hormonlaboratoriet
ralf.kellmann@helse-bergen.no


MÅL

Ei heilskapleg integrering av massespektrometri i den kliniske analyseprosessen for å forbetre sikkerheit, kvalitet og bruk av tid uavhengig av instrumenttype, -modell og leverandør.

EFFEKT

  • Detaljert dokumentasjon og sporing gjennom alle ledd av analyseprosessen
  • Automatisert teknisk og analytisk kvalitetssikring av analysedata
  • Umiddelbar kopling av eit prøvesvar til tekniske data knytta til instrumenta, kvalitetskontrollar, kalibratorar og kjemikaliar
  • Auka pasientsikkerheit
  • Minsking av feilkjeldar knytta til manuell databehandling
  • Meir effektiv analyseprosess
  • Oversikt i sanntid over heile instrumentparken
  • Tidleg oppdaging av feil på instrumenta og lettere feilsøking
  • Meir effektive vedlikeholdsrutiner
  • Minsking av instrument nedetid
  • Enklare opplæring av nytt personale

Fakta om prosjektet

​Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. SpecBase har vært i drift ved Hormonlaboratoriet sidan 2012, og tiltaket er såleis ein del av det ordinære tilbodet ved sjukehuset. 

Prosjektet fekk Innovasjonsmidlar i perioden 2014-2017. Fra 2018 er prosjektet støtta med midler fra Laboratorieklinikken og Seksjon for e-helse. I 2020 bevilget NFR Milepæl-midler til utvikling av SpecBase som innovasjonsprodukt.  


Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket



Sist oppdatert 25.07.2022