Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2016.
Bakgrunn
Sepsis er ein vanleg og ressurskrevjande tilstand som ofte er hovud- eller medverkande årsak til dødsfall i sjukehus. Tidleg tiltak er naudsynt for å redusere risiko for dårleg resultat for pasientane. Sepsis er vanlegast blant dei eldste, blant pasientar med kroniske sjukdommar og ved nedsett immunforsvar. Behandlinga av sepsis er omfattande, og særs kostbar. Det er forventa at førekomsten og talet som døyr av sepsis vil stige betydeleg parallelt med ein aukande gjennomsnittsalder i befolkninga.
Løysinga
Implementere eit nytt pakkeforløp ved mottak av pasientar med sepsis i akuttmottak og ved vidare behandling på sengepost. Utføre registerbasert studie av sepsisførekomsten i Noreg.
Nytte
- Betre og meir effektiv diagnostikk og behandling av pasientar med sepsis
- Reduksjon i dødelegheit
- Færre liggedøgn i sjukehuset
- Reduserte kostander for sjukehuset
- Betre pasientflyt i akuttmottak
Har du ein god idé?
Klikk for å sende idéer til idémottaket