Målretta kirurgisk reseksjon ­ ein optisk styrt presisjonsteknikk for komplett tumoreliminasjon

Eggstokkreft er den nest hyppigaste forma for underlivs­kreft i den vestlige del av verda, og i Norge blir 450 kvinner diagnostisert med sjukdommen kvart år. For mange av desse er prognosen dårleg, men no håpar forskarar at ein ny operasjonsmetode kan betre utsiktene.

 

​Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk sist midlar i 2018. Last ned pdf.

Løysinga

Eggstokkreft behandlast med kirurgi og påfølgjande cellegiftkurer. Ved operasjonen er det viktig å fjerne så mykje svulstvev som  mogleg, forskarane håpar at fluorkrom-merka prober skal gje kirurgane større presisjon peroperativt og dermed pasientane betre prognoser.

Stort potensial

Prinsippet for den nye operasjonsmetoden vil kunne nyttast ved  behandling av fleire typar av solide svulstar.

Brukarmedverknad

Eit vel fungerande partnarskap mellom Gynkreftforeninga og  forskingsmiljøet er etablert. Gynkreftforeninga er ein nasjonal  interesseorganisasjon for kvinnar med gynekologisk kreft og deira pårørande. Organisasjonen er assosiert medlem av Kreftforeninga. Represen tantar frå organisasjonen deltok i utforminga av prosjektet og fungerer som rådgjevarar under prosjektperioden.


Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket



Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.