Krefthund

Lungekreft er den kreftsjukdommen som tar flest liv globalt. Om lag 3000 blir ramma årleg i Noreg.

 

Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2016. Last ned pdf.

I dag

Metodar for å oppdage sjukdommen i tidleg og kurabelt stadium er etterspurt. Hittil er det bare screeningundersøking med CT-røntgen som har vist seg effektivt. Det er store kostnader knytt til denne  metoden, då ein må undersøke veldig mange individ for å finne dei som faktisk har lungekreft, samt å følgje opp sikre funn hos ein stor del av individa som blir undersøkt med CT.

Prøver ut

Er hundar i stand til å skilje utandingsprøvar frå menneske med lungekreft frå friske menneske, eller menneske som lider av andre sjukdommar? Metoden er skånsam for individa som deltek, dei må puste noen gongar i eit filter bygt inn i ein liten handheldt sylinder. Hundane arbeider i eit eige laboratorium utan kontakt med  pasientane.

Mål

Vurdere om hundar kan oppdage lungekreft i eit tidlig og kurabelt stadium. Metoden kan erstatte CT-røntgen som første screening-undersøking, og skilje ut dei personane som treng vidare utgreiing med tanke på lungekreft. Det ligg eit stort innsparingspotensial for enkeltindivid og samfunn.



Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket



Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.