INTROMAT (INTROducing Mental health through Adaptive Technology)

I løpet av livet vil 20-25 % av befolkninga oppleve angst  og / eller depresjon. Blant barn og unge har 8 % angst og depresjon. I prosjektet INTROMAT vil ein gjennom forsking og innovasjon integrere psykologi og IKT for å skape eit  betre helsetilbod til pasientar med psykiske lidingar.

 

Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet starta i 2016. Last ned pdf.

​Ønska mål

I INTROMAT skal vi utvikle ein persontilpassa teknologibasert psykologisk behandling. Prosjektet har partnarar frå IT-forsking (modellering, kunstig intelligens, multimedia og brukarinvolvering og testing), IT-industri, helsesektoren, helseforsking og brukarane. Fagmiljøa innan IKT og helse skal jobbe saman for å utvikle digitale helsetilbod til unge og eldre innan fem delprosjekt.

Dei fem INTROMAT delprosjekta:

  • Tilbakefallsførebygging ved bipolar liding (prof. Ketil Ødegård)
  • Kognitiv og emosjonell kontroll: Trenings- og støttetiltak for vaksne med ADHD (prof. Astri Lundervold)
  • Jobbfokusert behandling ved depresjon hos vaksne (prof. Åsa Hammer/førsteamanuensis Tine Nordgreen)
  • Tidlig intervensjon og behandling ved sosial angst (prof. Asle Hoffart/førsteamanuensis Tine Nordgreen)
  • Psykososial støtte for kvinner etter gynekologisk kreft  (dr.med Henrica Werner)

All utvikling innan INTROMAT prosjektet startar med prototyping og fortset med kliniske testar før implementering og/eller  kommersialisering.


Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket



Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.