Innovasjonspartnarskap om sterilforsyning på Haukeland

Sterilforsyningssentralen ved Kirurgisk Serviceklinikk (KSK) på Haukeland sette hausten 2018 i gang prosjektet for det første innovasjonspartnarskapet ved Haukeland universitetssjukehus. Målet er å finne ei løysing for sporing av kirurgiske instrument som skal sikre kontroll over instrumenta i heile sterilforsyningskjeda.

Sterilforsyningskjeden
I eit innovasjonspartnarskap går offentlige og private verksemder saman for å utvikle heilt nye løysingar på dagens og framtidas samfunnsutfordringar. Prosjektet ved KSK er tildelt NOK 8 mill. frå Innovasjon Norge til å gjennomføre ein innovasjonsprosess mot relevante leverandørar og næringslivet for å løyse utfordringar som i dag ikkje finnes i marknaden. Prosjektets hovudproblemstilling er: «Korleis få sporing og overvaking på kirurgisk utstyr i norske sjukehus?». 
Haukeland ønskjer å inngå eit innovasjonspartnarskap med relevante næringsaktørar for å utvikle eit mer automatisert, oversynleg og sporbart system for sterilforsyninga av kirurgisk utstyr i heile kretsløpet. Sporings- og overvakingsløysingar på kompliserte kirurgiske instrument vil gi sjukehusa store moglegheitsrom på tilgjengelegheit og til å vite kor utstyret er til ein kvar tid. Ved felles løysingar på sterilforsyningsområdet vil Helse-Norge mellom anna få moglegheit til å kunne låne utstyr på tvers, og dette vil kunne slå positivt ut både internt og eksternt òg frå eit økonomisk perspektiv.

Behovet

Ei operasjonsrist kan romme mange instrument. Årlig nyttast omkring 46 000 operasjonsristar. Vi har per i dag ikkje gode nok system som kan gi oss full oversikt over kor mange ulike typar instrument og nøyaktig tal som prosesserast gjennom Sterilsentralen kvart år. Eit tidsriktig anslag er ca. 1 million. Dette inkluderer instrument som gjennomgår gjenbruksprosessen en eller flere ganger. 
Skal spesialisthelsetenesta kunne samhandle sømlaust på området som går på drift og leveranse av utstyr til poliklinikkar og operasjonsverksemd må dette også sjåast i samanheng med utvikling av teknologi. Fråvær av sporing gjer det vanskelig å få totaloversikt og overvaking av bevegelsane til instrumenta i sjukehuset. I dag er mange av prosessane i denne verdikjeda manuelle, både på Haukeland og andre norske sjukehus.
For å sikre totalovervåking av kirurgiske instrumenter gjennom hele sterilforsyningskjeda, trenger vi teknologi som gjør oss i stand til å finne utstyret igjen og vite til kvar og ein tid kor det er. Vidare treng ein informasjon om alder på instrumentet, skade og behov for vedlikehald, samtidig som teknologien må kunne tåle å bli utsatt både for varme, damp, vann og kjemiske prosessar.
I den nye EU-forordningen som trår i kraft i 2018 er anbefalinga at leverandørar skal levere utstyr som er sporbart. For sterilforsyningskjedar i sjukehus må det leggast til rette for effektive sporingsløysingar som må tåle både kjemi, varme og trykk. Ein slik type løysing, som ikkje finnast i dag, vil kunne brukast i heile helsetenesta, også utover landegrensene.

Innovasjonspartnarskapet - prosessen

Eit innovasjonspartnarskap er både ein juridisk anskaffingsprosedyre forankra i «Lov om offentlige anskaffelser», og ein arbeidsmodell for dialog og innovasjonssamarbeid mellom offentlige verksemder og næringslivet. Målet er å utvikle heilt nye produkt og løysingar som i dag ikkje finnast på marknaden. Innovasjonspartnarskap er ein innovasjonsprosess i fem fasar, og formålet er å utvikle, skaffe og implementere en ny løysing, teknologi eller produkt.
Prosjektet er nå i behovsfasen (fase 1), kor den tverrfaglige prosjektgruppa jobbar med å spisse behovet før man skal involvere næringslivet. Så vil man invitere aktuelle næringslivspartnarar til marknadsdialog (fase 2), der ein vil gå bredt ut og diskutere problemstillinga med leverandørane. Deretter vil det lysast ut ein konkurranse (fase 3) der interesserte leverandørar vil levere sine forslag på ei mulig løysing. Prosjektet vil etter fristen plukke ut leverandøren/leverandørane de ønsker å inngå partnarskap med. Deretter vil ein gå inn i utviklingsfasen (fase 4), der leverandørane testar og utviklar løysinga i tett samarbeid med Haukeland/KSK. Målet er at prosjektet skal ende i et innkjøp (fase 5) av ein ferdig sporingsløysing.

Samarbeidspartnarar

Sykehusinnkjøp
Sykehuspartner
Sykehuset Østfold

Kontaktinformasjon

Prosjektleder Viviann Danielsen 


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.