Innovasjonscamp 2015

Under kan du lese om Innovasjons-campen som var i 2015.

InnovasjonsCamp Haukeland i 2015

Etter å ha stått igjen med tre finalistar i 2015, vart vinnaren kåra under KlinkIKT-konferansen onsdag 9. september.

Vi gratulerer gjengen bak bidraget graviDIA som gjekk til topps i konkurransen.

Fredag 4. til søndag 6. september arrangerte Haukeland universitetssjukehus InnovasjonsCamp Haukeland 2015. Kvinneklinikken var vertskap, og ønska å løfte ei problemstilling for sine pasientar - sjå invitasjon (pdf).

Etter ein førebuande temaworkshop, kom ein fram til følgande problemstillingar som ein treng gode idear til:

  • Korleis styrke kommunikasjon med den gravide før, under og etter fødsel?
  • Korleis sikre god informasjonsflyt med data som følger pasienten?
  • Korleis etablere nærleik til fagpersonar?
  • Korleis skape ei oppleving av kontinuitet?

– Helsetilbod til alle kvinner som får behandling ved Kvinneklinikken er i fokus denne helga. Målgruppa er både gynekologiske pasientar og gravide / fødande, uttalte klinikkdirektør ved Kvinneklinikken Ingrid Johanne Garnes i forkant av arrangementet. 

Sjå video frå Innovasjonscampen i 2015:



Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.