
Det skal rekrutterast 64 deltakarar til årets camp.
Ønsker du å delta på Campen 13. -15. mars og kurset 21. februar?
Det settes sammen tverrfaglig grupper av designere/forretningsutviklere, studenter, helsepersonell og pasienter/pårørende. Det blir 6-8 deltakere i 6-8 grupper. På grunn av få plasser må vi ha forbehold om at du ikke er garantert en plass men du vil få bekreftelse i god tid.
Påmelding til kurs og Campen
Tverrfagleg samarbeid
Tverrfagleg samarbeid er ein føresetnad for å lykkast med innovasjon. Difor inviterer vi næringslivet, gründarar og utdanningsinstitusjonar til å bli med på ein kreativ prosess for å utvikle nye og nyttige helsetenester. Arrangementet er basert på dugnadsarbeid og eigeninnsats.
På leit etter dei gode ideane
Personar med ulik bakgrunn møtast og blir plassert i tverrfaglege grupper for å sjå på felles problemstillingar med nye auge. Det kan vere IKT-utviklarar, designarar, gründarar, pasientar, pårørande, sjukepleiarar, legar, jordmødrer og forretningsutviklarar.
Fleire coachar / mentorar er tilgjengelege og har som føremål å guide og støtte gruppene undervegs i prosessen.
Alle deltakarar får opplæring i ulike innovasjonsteknikkar som mellom anna Pitch av ideen (presentasjonsteknikk) og korleis ein lagar ein såkalla «business canvas» (enkel forretningsmodell).
Se alt fra Innovasjonscampen 2015