Frys ned kreften

Kvart år får 5000 norske menn prostatakreft, om lag 20 prosent av dei som blir ramma døyr av sjukdommen. Dagens behandlingstilbod kan gje biverknader som urinlekkasje, impotens og redusert tiltakslyst.

isbre
 

​Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2017.

Mål

Sjekke om cryoimmunterapi har effekt for pasientane som er med i studien. Cryoimmunterapi er ein behandlingsmetode som mobiliserer pasienten sitt eige immunforsvar til å angripe kreftcellene. Svulsten blir frossen og immuncellar som på førehand er hausta frå pasienten sitt blod, blir sprøyta inn.

Klinisk utprøving fase 1 studie

Framdrifta av  cryoimmunterapien har gått godt. Totalt har 15 pasientar blitt behandla til no. Pasientane er følgd nøye opp. Det pågår omfattande analyser av innsamla pasientdata. Førebels er konklusjonen at der ikkje er uventa bivirkningar. Radiologisk undersøking har vist stabilisert sjukdom for mange av pasientane. Avanserte sekvensanalyser av immunceller viser at immunapparatet lagar nye angrepsmål etter behandlinga. Dette er lovande, og vidare oppfølging og analyser blir gjort.

Klinisk utprøving fase 2 studie

Neste fase vil vere ein såkalla «basket trial» kor pasientar med ulike krefttypar vil bli rekruttert til cryoimmunterapi. Forsking pågår for å forsterke immunresponsen og utvikle boostervaksine.

Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.