Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2017. Last ned einsider (pdf).
Utfordring
Store samfunnsutfordringar stiller nye krav til den offentlege oppgåveløysinga. Prosjektet skal utvikle relevant kunnskap til forbetring av møte mellom pasient og behandlar gjennom bruk av Chatbot retta mot pasientar.
Potensial
Web-baserte rettleiingsverktøy, som baserer seg på kunstig intelligens, kan bli nyttige supplement i pasientopplæringa. Kravet om auka brukarmedverknad i helsevesenet, vil også vere ein pådrivar til å utvikle metodar kor pasienten kan styre informasjonsstraumen, slik at dei får rett informasjon, til rett tid og i eit rett omfang. Vi vil derfor designe, implementere og evaluere nytten og tilliten til ein App som skal utviklast for å assistere pasientar som gjennomgår gentesting for mogeleg arveleg brystkreft. Dette kan på sikt betre pasienttryggleiken.
Har du ein god idé?
Klikk for å sende idéer til idémottaket