Algetoksin som legemiddel

Dei fleste pasientar opplever dessverre smerte i løpet av opphaldet sitt på sjukehuset, og nokre får også biverknader. No lurar forskarar på om algar frå havet kan nyttast til å produsere eit nytt type lokalbedøvingsmiddel som har lengre verknad og er tryggare i bruk.

 

Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus og tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk sist midlar i 2018. Last ned einsidar i pdf format.


Lang forskingsbakgrunn

Ralf Kellmann arbeidar ved Hormonlaboratoriet på Haukeland, og har bakgrunn i marin- og mikrobiologi. I 20 år har han forska på algetoksin, og no bruker han kunnskapen sin til å revolusjonere produksjonen av eit av dei.

Tryggare enn eksisterande midlar

Lokalbedøvingsmiddelet, neosaxitoxin, har ei uvanleg lang verknadstid på to til fire dagar, og skal vere mykje tryggare i bruk enn dagens midlar. Utfordringa har vore å få til produksjon på industrielt nivå.

Ønska mål

Utvikle ein meir økonomisk, effektiv og kontrollerbar produksjons­prosess som kan oppfylle behovet for neosaxitoxin på verdsbasis.


Har du ein god idé?

Klikk for å sende ide til idemottaket

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.