Akutt forløp for pasientar med overdose

Rundt 260 personar døyr kvart år av overdose i Noreg. Dei siste åra har Noreg hatt blant dei høgaste registrerte førekomstar av narkotikautløyste dødsfall, per innbyggjar i Europa.

 

 

​Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus som fekk midlar i 2017. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset.  Last ned einsidar i pdf.

Mottaksklinikken

Ved Akuttposten blir pasientar med overdose av rusmiddel teke imot av lege og sjukepleiar og kopla til overvakingsutstyr. Det blir gjennom-ført ei roleg oppvakning utan bruk av antidot/motgift om pasienten har stabil respirasjon og sirkulasjon. Målet med innlegginga er å få ein samarbeidsvillig pasient som kan kartleggjast og motiverast for vidare behandling for si rusliding.

Haukeland universitetssjukehus er det vi veit einaste sjukehuset med eit slikt unikt tilbod til pasientar med overdose i Noreg.

Målet

Er at alle pasientar med overdose skal få ei likeverdig behandling av høg kvalitet, og at andre som tar imot og behandlar pasientar med overdose kan bruke «modellen» vår.

Løysinga

For å få dette til treng vi å kartleggje, evaluere og dokumentere  tilbodet vi har i dag. Samt å utvikle og implementere eit heilskapleg pasientforløp, frå pasienten med overdose vert innlagd i Akuttposten til han er i behandling for si grunnliding.

– Rett tilbod til rett pasient til rett tid.

Har du ein god idé?

 

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.