Forskingsstrategi 2012-2016

Måla til Haukeland universitetssjukehus sin forskings- og innovasjonsstrategi er forankra i Helse Vest og Haukeland universitetssjukehus sine strategiplanar. Her driv vi med forsking og innovasjon for ei betre og meir effektiv helseteneste.

Forskingstrategi (pdf)

Haukeland universitetssjukehus skal styrke posisjonen som eit av dei leiande helseføretaka innan forsking og innovasjon for å sikre: 

  • Trygge og nære sjukehustenester 
  • Heilskapleg behandling og effektiv ressursbruk 
  • Ein framtidsretta kompetanseorganisasjon 


Femårsperiode

Strategien viser ambisjonane i denne femårsperioden og er i samsvar Haukeland universitetssjukehus sin hovudstrategi. Strategiplanen vart vedteken i 2012. Vi skal:

  • Vere på internasjonalt nivå innan forsking, innovasjon og utdanning 
  • Leggje til rette for forsking på internasjonalt nivå 
  • Utvikle spisskompetanse på internasjonalt nivå innan dei områda vi har eit nasjonalt og fleirregionalt ansvar for 
  • Styrkje pasientretta klinisk og tradisjonell forsking 
  • Utvikle systematisk samarbeid om utdanning, forsking og utvikling mellom føretaket, utdanningsinstitusjonane og kommunane 
  • Vi skal vere eit regionalt og nasjonalt tyngdepunkt innanfor utvikling av helsetenester 
  • Etablere og vidarutvikle biobankar og andre forskingsarkiv 
  • Identifisere, utvikle og profilere fleire innovasjonsprosjekt 


 

Forsking, innovasjon og spesialisthelsetenesta

Forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta omfattar pasientretta, klinisk forsking for å utvikle ny diagnostikk, nye medikament og nye behandlingsformer, langsiktig, epidemiologisk forsking og forsking for å dokumentere langtidseffektar av pasientbehandling


 

Forsking og prioritering

Framover må forskinga også ha fokus på nytte og kostnadseffektivitet ved ulike behandlingsmåtar som kan sikre prioriteringar og val som gir oss mest helse for kvar krone. Det er eit stort behov for eit sterkare forskingsbasert kunnskapsgrunnlag for organisering og utforming av den kommunale omsorgstenesta. 


Medisinsk og helsefagleg forsking er avgjerande for å sikre kvalitet i utdanning og yrkesutøving innanfor helsevesenet. Berre gjennom forsking kan vi utvikle førebyggjande, lækjande og lindrande behandling av gamle og nye sjukdomstruslar. 


Viktig oppgåve

Lov om spesialisthelsetenesta er forsking sidestilt med pasientbehandling, opplæring av pasientar og deira næraste, samt utdanning av helsepersonell. Dette er ei særskilt viktig oppgåve for universitetssjukehusa. 

Helse Bergen er landet sitt nest største helseføretak når det kjem til resultata av forskingsverksemda. Måling av ressursbruken til forsking syner at Helse Bergen er kostnadseffektiv. Det gode samarbeidet med Universitetet i Bergen  er svært viktig for høg vitskapeleg kvalitet.   


 

Fra forsking til praksis

Klinisk forsking er verksemd som er nært knytt til diagnose, behandling og prognose for einskilde pasientar eller dei vanlegaste grupper av pasientar. 

Translasjonell forsking er «samarbeidsforsking» eller «overføringsforsking». Mest vanleg er bruken som omhandlar kunnskap «from bench-to-bedside». Det handlar om samhandling mellom grunnforsking og klinisk forsking. 

Ein ønskjer effektiv overføring av ny kunnskap, mekanismar eller teknikkar innan førebyggjing, diagnostikk eller behandling av sjukdom med betre helsetilstand som resultat. 


For mange vil også translasjonell forsking handle om korleis ein kan overføre forsking til klinisk praksis. Det betyr korleis ein kan sikre at ny behandling og kunnskap verkeleg når dei pasientane eller pasientgruppene som slik kunnskap var tiltenkt. Implementering er ein del av denne verdikjeda.

Helse Bergen vil legge til rette både for klinisk og translasjonell forsking, samt helsetenesteforsking. 

Innovasjon innan helse

Det er nytt at helseføretaka også skal ha ein naturleg plass i innovasjonsarbeidet. 

Innovasjon i helsesektoren er definert slik: 

​Utvikling av ei ny eller forbetra vare, teneste, produksjonsprosess eller organisasjonsform som utgjer eit konsept som kan brukast på nytt. ​

Innovasjon er viktig for å auke den offentlege verdiskapinga gjennom betre kvalitet og kostnadseffektivitet. Slik sett kan innovasjon gi auka kvalitet og auka effektivitet også i helsetenesta. 

 Satsningsområde og tiltaksplan

Strategisk forskings- og innovasjonsprogram

Haukeland universitetssjukehus vil etablere eit nytt strategisk forskings- og innovasjonsprogram innan utgangen av 2014.

Programmet skal mellom anna ivareta spissfunksjonar, kompetansemiljø og toppforskingsmiljø. Forskings- og

innovasjonsprogrammet kan utlyse både frie og strategisk retta midlar. Følgande element skal inkluderast i programmet:

  • Strategisk frikjøp av klinikarar til forsking og innovasjon 

Fire prisar: 

  1. Haukeland universitetssjukehus forskingspris 
  2. Pris for beste publikasjon 
  3. Formidlingspris 
  4. Innovasjonspris
     
  • Finansiering av eigendelar til eksternt finansiert forsking (døme: SFF, KG Jebsen, EU) 

Det skal etablerast eit fagråd knytt til programmet som mellom anna skal gje råd om bruk av midlane. Mandat for rådet vil verte utvikla. 

Satsinga vil vere ei vidareutvikling og styrking av Haukeland universitetssjukehus sitt strategiske forskingsprogram,

som tidlegare vart administrert av Innovest AS. Fleire element frå satsinga vil verte vidareførte.