Mål med Lungehelseundersøkinga
- Å undersøkje utbreiinga av luftvegssymptoma, astma, allergi og kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols) blant vaksne, og å berekne kor mye som skuldast kjente årsaksfaktorar.
- Å undersøkje risikoen for luftvegssymptoma og luftvegssjukdommar ved eksponering for miljøfaktorar heime, ute og på jobb samt betyding av fysisk aktivitet.
- Å undersøkje om det er samanheng mellom luftvegssjukdommar og andre sjukdommar, f. eks. hjarte/kar sjukdommar.
- Å undersøkje tyding av grunnleggjande faktorar i barndom for seinare utvikling av astma og allergi.
- Å undersøkje søvnforstyrringar og fastleggje risikofaktorar for dette.
- Å undersøkje om hormonelle og andre faktorar er av særskilt betyding for kvinners lungehelse.
Lungehelseundersøkinga vil bidra til økt forståing av luftvegssymptoma og luftvegssjukdommar, kva dei skuldast og korleis ein kan førebyggje og betre helseplagar forbunda med dette.
Utforminga av studien
Eit postspørjeskjema vart utsendt til alle tidligare inviterte deltakarar frå våren 2010. Alle kvinner som svara på postspørjeskjemaet fekk eit eige spørjeskjema som omhandla kvinnehelse tilsendt i 2011.
Eit utval av deltakarar blir også invitert til ein klinisk undersøking. Snart 400 personar har kome til helseundersøking og ytterlegare 250 vil bli invitert i løpet av høsten 2012. Undersøkinga blir utført ved Yrkesmedisinsk avdeling v/ Haukeland universitetssjukehus.
Kva har skjedd per i dag?
Undersøkinga har fram til i dag gitt auka kunnskap
- om kor vanleg astma, allergi og lungesjukdomar er i Noreg og i Europa
- om samanhenga med ulike årsaksfaktorar heime, utandørs og på arbeid
- om at grunnlaget for desse sjukdomane nokre gangar er lagt allereie i barndomen
- om at lungehelse varierer gjennom livsløpet knytta til hormonstatus hos kvinner.
Desse resultata har vore publisert i hundrevis av artiklar i vitskaplege tidingar og i pressa, og gitt grunnlag for fleire doktorgradsavhandlingar, også i Bergen.
Nå er tiden kommet for 30-års-oppfølgingen.