Reingjering av hushaldet kan vere like dårleg for lungefunksjon som røyking.

Menneskjer som har jobba som reingjerarar eller har gjort reingjering av hushaldet i 20 år har redusert lungefunksjon tilsvarande å røyke 20 sigarettar dagleg, same tidsperiode. Sprayflasken får skylda.

kvinnelig rengjører.foto

Illustrasjonsfoto

I tillegg viser studien at reingjerarar har 40 prosent større risiko for å utvikle astma enn andre. I studien har forskarane følgt 6000 reinhaldarar i over 20 år, basert på den europeiske lungehelseundersøkinga ECRHS.
Studien har fått stor internasjonal merksemd, blant anna i The Daily Telegraph. Studien er publisert i American Journal of Respiratory and Critical Care Medicine, og er ein del av Horisont 2020-prosjektet ALEC – Aging Lungs in European Cohorts.

Les meir på Universitet i Bergen sine sider.