For deltakarar

RHINESSA er eit forskingsprosjekt om lungehelse som er ein del av ein europeisk multisenterstudie.

​Pålogging deltakar

Vi har tidlegare undersøkt lungehelse hos menn og kvinner i Lungehelseundersøkelsen i Bergen. No vil vi studere lungehelse gjennom livsløpet og på tvers av generasjonane ved å undersøkje tidlegare studiedeltakarar sine barn og foreldre.

Prosjektet er godkjent av Regional komité for medisinsk og helsefaglig forskingsetikk (REK Vest 2012/1077).

Kva skjer med informasjonen om deg?

Det er frivilleg å delta i studien. Om du no seier ja til å delta, kan du seinare når som helst og utan å oppgje nokon grunn, trekke tilbake samtykket ditt.

Informasjonen som registrerast om deg skal kun brukast slik som beskrive i hensikta med studien. Alle opplysningane vil bli behandla uten namn og fødselsnummer eller andre direkte gjenkjennande opplysningar. Ei kode knytter deg til dine opplysningar og prøver gjennom ei namneliste. Det er kun autorisert personell knytta til prosjektet som har adgang til namnelista og som kan finne tilbake til deg.

Informasjon om deg av relevans for forskingsprosjektet kan bli innhenta frå Statistisk sentralbyrå, Kreftregisteret, Dødsårsaksregisteret, Norsk Pasientregister, Reseptregisteret eller Medisinsk Fødselsregister. Det vil ikkje vere mogeleg å identifisere deg i resultata av studien når desse publiserast.

Dei innsamla opplysningane kan ikkje brukast i oppfølgingsundersøkingar med mindre Regional Etisk Komité godkjenn slik bruk.

Korleis deltar du?

For vaksne (18 år og over)

  1. Spørjeundersøkinga: Alle deltakarar blir invitert til å svare på eit spørjeskjema. Eit invitasjonsbrev vil bli sendt til deg med informasjon om pålogging dersom spørjeskjemaet skal besvarast elektronisk. I nokon tilfeller - og dersom du sjølv ønskjer det – vil deltakarar få tilsendt spørjeskjema i posten.  

    Spørjeundersøkinga tar ca. 30 minutt å gjennomføre.
  2. Klinisk undersøking: Nokre deltakarar vil i tillegg til å bli invitert til å svare på spørjeskjema og bli invitert til ei helseundersøking. Denne innebærer testing av lungefunksjon, allergitest, blodprøve, spyttprøve, urinprøve, tannhelse-undersøking, måling av kroppens fettmasse, intervju og besvaring av nokre spørjeskjema. Helseundersøkinga er gratis og du vil få informasjon om resultat av undersøkingane og eventuell naudsynt medisinsk oppfølgjing. Undersøkinga vil bli gjennomført i RHINESSAs lokaler ved Yrkesmedisinsk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus, og tar ca 1 ½ - 2 timar.

Vi ber også om at du IKKJE røykjer minst 1 time før frammøte, og at du har på laustsitjande kle som gjær det enkelt å gjennomføre testane. Dersom du brukar astma- /KOLS-medisin, ønskjer vi at du avstår fra å ta desse (dersom det er mogeleg) før undersøkinga:

  • Ventoline, Bricanyl, Airomir, Buventol og Atrovent: 4 timer før tilkomst
  • Theo-Dur og Nuelin Depot tabletter: 8 timer før tilkomst
  • Serevent, Oxis, Seretide og Symbicort: 12 timer før tilkomst
  • Spiriva og Singulair: 24 timer før tilkomst. 

Venlegst ta med liste over medisinar du brukar. Du kan gjerne bruke vedlagt liste. Dersom du ikkje har ei liste, er det fint om du tar med sjølve medisinane, så kan vi hjelpe med å lage ei liste.

Dersom du har hatt ein akutt luftvegsinfeksjon, bør du ha vært frisk i 2 veker før du møter til undersøkinga.

For ungdom (16-17 år)

 

  1. Spørjundersøking: Alle deltakarar blir invitert til å svare på eit spørjeskjema. Eit invitasjonsbrev vil bli sendt til deg med informasjon om pålogging dersom spørjeskjemaet skal besvarast elektronisk. I nokre tilfeller - og dersom du sjølv ønskjer det – vil deltakar få tilsendt spørjeskjema i posten. 

    Spørjeundersøkinga tar ca. 30 minutt å gjennomføre.

    Nokre spørsmål er knytta til tidleg barneår, og det kan av og til vere vanskeleg å vite svaret på desse. I desse tilfella kan det vere naudsynt å spørje foreldre/føresette om hjelp.
  2. Klinisk undersøking: Nokre deltakarar vil i tillegg til å bli invitert til å svare på spørjeskjema og bli invitert til ei helseundersøking. Denne innebærer testing av lungefunksjon, allergitest, blodprøve, spyttprøve, urinprøve, måling av kroppens fettmasse, samt eit kort intervju. Dersom det er nokon av desse undersøkingane du ikkje ønskjer å ta del i er dette sjølvsagt helt i orden. Helseundersøkinga er gratis og du vil få informasjon om resultat av undersøkingane og eventuell naudsynt medisinsk oppfølging. Undersøkinga vil bli gjennomført i RHINESSAs lokaler ved Yrkesmedisinsk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus, og tar ca 1 ½ - 2 timar.

Praktisk informasjon angåande den kliniske undersøkinga

Dersom du har frammøte-tid før klokka 10, ønskjer vi at du kjem fastande – dvs at du ikkje spis eller drikk noko etter klokka 24.00 dagen før (sett vekk i frå vatn). Vi ber også om at du IKKJE røykjer minst 1 time før frammøte, og at du har på laustsitjande kle som gjer det enkelt å gjennomføre testane. Dersom du bruker astma-medisin, ønskjer vi at du avstår frå å ta desse (dersom det er mogeleg) før undersøkinga:

  • Ventoline, Bricanyl, Airomir, Buventol og Atrovent: 4 timer før tilkomst
  • Serevent, Oxis, Seretide og Symbicort: 12 timer før tilkomst
  • Spiriva og Singulair: 24 timer før tilkomst. 

Dersom du brukar legemidlar fast, venlegst ta dei med til undersøkinga.

Dersom du har hatt ein akutt luftvegsinfeksjon, bør du ha vært frisk i 2 veker før du møter til undersøkinga.

For born og unge (10-15 år)

 

  1. Spørjeundersøking: Alle deltakarar blir invitert til å svare på eit spørreskjema. Eit invitasjonsbrev vil bli sendt til føresette med informasjon om pålogging dersom spørjeskjemaet skal besvarast elektronisk. I nokre tilfeller - og dersom de sjølv ønskjer det – vil de få tilsendt spørjeskjema i posten. 

    Spørjeundersøkinga tar ca. 30 minutt å gjennomføre.

    Barnet kan sjølv fylle ut spørjeskjemaet, med eller utan hjelp fra føresette. Nokre spørsmål er knytta til tidleg barneår, og barnet veit kanskje ikkje svaret på desse, og i desse tilfella er det nyttig med hjelp fra føresette.
  2. Klinisk undersøking: Nokre deltakarar vil i tillegg til å bli invitert til å svare på spørjeskjema og bli invitert til ei helseundersøking. Dersom de deltar vil de også få med skriftleg tilbakemelding med prøvesvar. Undersøkinga inneber testing av lungefunksjon, allergitest, blodprøve, spyttprøve, urinprøve, måling av kroppens fettmasse, samt eit kort intervju. Dersom barnet ikkje ønskjer å gjennomføre nokon av desse undersøkingane, er dette heilt i orden; han/ho kan sjølv få velge kva delar av undersøkinga dei ønskjer å vere med på. Undersøkinga vil bli gjennomført i RHINESSAs lokaler ved Yrkesmedisinsk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus, og tar ca 1 ½ - 2 timar.

Praktisk informasjon angående den kliniske undersøkinga

Det er ikkje naudsynt at du følgjer barnet ditt til undersøkinga, men du er velkomen dersom du/de ønskjer det. Dersom du ikkje følgjer, ber vi om at ein av barnets føresette fyller ut samtykkeskjema som barnet tar med seg til undersøkinga.

Dersom barnet har frammøte-tid før klokka 10, ønskjer vi at han/ho kjem fastande (dersom det er mogeleg) – dvs at dei ikkje spis eller drikk noko etter klokka 24.00 dagen før (sett vekk i frå vatn). Dersom barnet bruker astma-medisin, ønskjer vi at han/ho avstår fra å ta desse (dersom det er mogeleg) før undersøkinga:

  • Ventoline, Bricanyl, Airomir, Buventol og Atrovent: 4 timer før tilkomst
  • Serevent, Oxis, Seretide og Symbicort: 12 timer før tilkomst
  • Spiriva og Singulair: 24 timer før tilkomst.

Dersom barnet bruker legemidlar fast, vennligst ta dei med til undersøkinga.

Dersom barnet har hatt ein akutt luftvegsinfeksjon, bør han/ho ha vært frisk i 2 veker før undersøkinga.

Kontaktinformasjon

Slik finn du vegen til Haukeland

Parkering:

Dersom de kjem med bil, kan de parkere på sjukehusets parkeringsanlegg ved å trykke for vanleg billett. Du får ny parkeringsbillett av oss til gratis utkjøring.

 


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.