Svanes er blant 25 søkjerar ved UiB som ønskjer å bli Senter for framifrå forsking (SFF). Svanes leier ein fleirgenerasjonsstudie om epigenetikk, som kort handlar om korleis kroppen skrur av og på genane våre.
Fram til no har mykje av forskinga på epigenetikk vorte gjort på dyr, men forskerane har dess mindre data på menneskjer. Prosjektet tek utgangspunkt i unikt datamateriale som er samla inn gjennom den internasjonale RHINESSA-studien.
Målet er å undersøkje korleis miljø- og livsstilsfaktorar tidleg i livet kan påverke kimcellene som er viktige for kommande barn, og kva slags økonomiske vinster ein kan få av å betre helsa i fleire generasjoner.