Godt nytt for fatigue-pasientar og innovasjon som reddar liv

Forskingsprisane i Helse Vest 2018

Roald Omdal fekk forskingsprisen for sitt mangeårige arbeid med å finne ei objektiv og vitskapeleg forklaring på fatigue, som rammar pasientar med blant anna autoimmune sjukdommar.

Geir Strandenes har gjort innovasjon utav blod. Gjennom sitt prosjekt Blood Far Forward har han endra akuttmedisinsk livreddande behandling både i Helse Bergen og seinare i resten av Noreg og internasjonalt.

Prisvinnere med prisutdelere. Foto
PRISVINNARAR: Styreleiar i Helse Vest, Einar Strømsvåg, forskingsprisvinnar Roald Omdal, innovasjonsprisvinnar Geir Strandenes og fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem.

Prisane blei delte ut på den årlege Forskingskonferansen i Helse Vest, som torsdag blei arrangert på Sola ved Stavanger.

– Eg blei skikkeleg glad då eg høyrde at eg fekk prisen. Dette har eg arbeidd med i alle dei 16 åra eg har vore på Stavanger universitetssjukehus. Mykje av tida i motvind.

Det er så mange tankar om fatigue, og det er mange og sterke meiningar om årsakene til ein slik trøyttleiks- eller utmatttingskjensle, som mange pasientar slit med. Eg såg derfor tidleg eit behov for å få eit vitskapleg grunnlag for å forstå fatigue, fortel overlege og professor dr. med Roald Omdal.

Forska på Lupus og Sjøgrens syndrom

Omdal konsentrerte seg først om pasientar med dei autoimmune sjukdommane Lupus (systemisk lupus erythematosus) og Sjøgrens syndrom, som ofte er ramma av fatigue. Seinare har han også forska på pasientar med blant anna psoriasis, ulcerøs kolitt, cøliaki, og andre. Det mange av desse pasientane har til felles, er denne ukontrollerbare kjensla av heila tida å vere trøytt, utmatta og utan initiativ.

Forskingsprisvinnar. Foto

– Mange av pasientane har levd med at både dei sjølve og omgjevnadane rundt, har sett på dei som late eller giddalause, og ikkje i stand til å orke så mykje i liva sine. Sanninga er at vi har funne ut at fatigue blir danna i hjernen. Fatigue er ein sjukleg form for trøyttleik som har ei biologisk forklaring.

Molekyl i hjernen regulerer fatigue

Det er eit komplekst system av molekyl som regulerer fatigue, og eit av dei viktigaste er interleukin-1. Dette molekylet påverkar hjerneceller slik at fatigue oppstår. Fatigue er del av ein reaksjon som vi kallar sjukdomsåtferd, fortel Omdal.

Omdal leier forskingsprosjektet ved Stavanger universitetssjukehus, der han har bygd opp Klinisk immunologisk forskingsgruppe til eit svært sterkt  og tverrfagleg forskingsmiljø med eit betydeleg nasjonalt og internasjonalt forskingsnettverk, i følgje forslagsstillaren til forskingsprisen.

Einstemmig jury

Juryen, som har innstilt Omdal, er heilt einige, og seier blant anna i si grunngiving at vinnaren varetek brukarperspektivet i forskinga gjennom aktivt å engasjere brukarrepresentantar i prosjekta. Kronisk fatigue rammar livskvalitet og arbeidsevne på ein dyptgripande måte. Det er derfor av stor verdi å komme til botnen i mekanismane bak denne tilstanden for å kunne hjelpe pasientgruppa.

Pasientane glade for forklaring

– Dei fleste pasientane set pris på å forstå årsakene til symptoma og plagene sine. Når dei får høyre at fatigue ikkje er noko dei innbillar seg, og at det har ei biologisk årsak, blir dei glade, sjølv om dei også veit at dei kanskje ikkje blir kvitt plagene. Vi veit også at fatigue kan ramme kven som helst med dei fleste kroniske sjukdommar, uansett kjønn og alder, fortel forskingsprisvinnaren.

Innovasjon som reddar liv

Innovasjonsprisvinnaren har sitt daglege virke ved Haukeland universitetssjukehus ved Avdeling for immunologi. Der har han gjort blod til sin innovasjon, gjennom prosjektet Blood Far Forward.

Innovasjonsprisvinnar. Foto

– Eg blei svært overraska då eg høyrde om prisen. Dette er gjeve greier! Dette er ei stor ære og eg har audmjukt takka ja til prisen, som eg deler med mange andre, fortel forskar og lege Geir Strandenes, som til dagleg held til ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin ved Haukeland universitetssjukehus.

Korleis kan så blod bli innovasjon?

– Når vi blør heilblod, så treng vi heilblod. Vanleg blod kan halde seg i kring 35 dagar før det ikkje kan brukast lenger, og det må oppbevarast på mellom 2-6 grader. Innovasjonen er at pasientar som treng blod, skal få det så tidleg som mogleg. Mens praksisen tidlegare var å gi blødande pasientar saltvann fram til dei kunne få blod, veit vi no at det skal vi ikkje gjere.

Blood Far Forward

Innovasjonen til årets innovasjonsprisvinnar består i å ha oppdaga potensialet av to inntil nyleg ukjende produkt for norsk transfusjonsteneste: Frysetørka plasma frå tysk Røde Kors og framstillingsprosessen for leukocytfiltrert blodplatehaldig fullblod. Sidan fullblod må lagrast kjølig, har han etablert ei kjølelinje som fungerer langt fram i behandlingskjeda.

Helse Bergen har i dag plassert ut frysetørka plasma på Luftambulansen og ved Kvinneklinikken og i Voss, og ved intensivavdelingar. Plasmaen blir blanda med sterilisert vann før han blir brukt på blødande pasientar. Det er enno ikkje gjort vitskaplege undersøkingar over kor mange som blir redda, men ved Luftambulansen i Bergen estimerer intensivlækjarar med mest røynsle med behandlinga, at 4-5 menneske i året blir redda berre i føretaket.

Ønskjer å produsere plasma

– Det vi arbeider med no, er å kunne produsere slik blodplasma sjølve, i staden for å importere det frå tysk Røde Kors, seier Strandenes.

Styreleder i Helse Vest og innovasjonsprisvinneren. Foto

Livreddande løysingar

I grunngivinga til juryen står det mellom anna at han innanfor sitt fagfelt har kombinert kjent kunnskap frå utlandet med eiga, ny forsking og utvikla banebrytande og livreddande løysingar for førstelinje blodtransfusjon. Han har også på ein mønsterverdig måte kombinert forsking innanfor sivil spesialisthelseteneste og erfaring frå behandling av hardt skadde i militære konfliktar.

Som ein direkte konsekvens av forskarens arbeid, flyg i dag nær alle landets legebemanna helikopter med frysetørka plasma, og dei fleste med blod. Det er trygt å seie at denne innovasjonen reddar livet til pasientar i Noreg!

I tillegg rapporterer det amerikanske Department of The Army at løysingane er tekne i bruk på brei front i hæren.

Vandrande blodbankar

Som eit naturleg tillegg til forskarens innovative etablering av blodprodukt langt fram i behandlingslinja, kjem arbeidet med å danne såkalla vandrande blodbankar. Ein vandrande blodbank er eit korps av førehandsetablerte blodgivarar som kan donere ved behov.

Geir Strandenes fekk 100.000 kroner og eit kunstverk.