Frå dødsdom til håp

Å få diagnosen kreft i bukspyttkjertelen blir ofte omtalt som ein dødsdom. Ein fersk studie frå Haukeland universitetssjukehus viser at ein kombinasjon av ultralyd og kontrastbobler med cellegift kan doble levetida for desse pasientane.

Leger undersøker mannlig pasient. Foto
Sonoperasjon er basert på allereie eksisterande teknologi i ultralydapparatet. Professor og prosjektleiar Odd Helge Gilja undersøker pasienten, medan stipendiat Ingrid Nordås følgjer nøye med. Ho er i gang med å inkludere pasientar til ny studie neste år.

​Av: Ragnhild Dårflot Olsen
Foto: Øystein Fykse, Haukeland universitetssjukehus

I tillegg kan behandlinga føre til så stor reduksjon av tumor at svulsten kan opererast.

Ved å ta i bruk ultralydteknikken sonoporasjon for å betre effekten av cellegiftbehandling, har prosjektet opna opp moglegheita for behandling av ein langtkomen krefttype som tidlegare har vore nærast umogleg å behandle med godt resultat. Berre 20 prosent av dei som får kreft i bukspyttkjertelen kan opererast, og av desse igjen får dei færraste eit langt liv.

– Det er ikkje snakk om å kurere, men studien gir håp om betre helse og overleving hos menneske som tidlegare var i håplause situasjonar med ein dødsdom hengande over seg, seier overlege og professor Odd Helge Gilja ved Nasjonal kompetansetjeneste for Gastroenterologisk Ultrasonograf på Haukeland Universitetssjukehus.

Frå ni til 18 månader

Gilja er saman med dr. Dimcevski prosjektleiar for den nyleg avslutta studien «Ultralydassistert behandling av inoperabel kreft i bukspyttkjertelen», verdas første studie i sitt slag. 

Dei ti pasientane som deltok hadde alle fått sin dødsdom då studien starta i 2008. Med ny behandlingsmetode fekk pasientane i snitt 14 cellegiftbehandlingar. I sterk kontrast til dette, tolererte pasientar som fekk vanleg cellegiftbehandling berre 8 behandlingar. Pasientar behandla med sonoporasjon overlevde i gjennomsnitt 18 månader, mens pasientar som fekk vanleg cellegift berre overlevde 9 månader.

– Alt i alt gir sonoporasjonsbehandling ein lengre periode med betre helse under behandlinga, utan komplikasjonar og heilt trygt, forklarer Gilja.

Bankar på celleveggen

Sonoporasjon endrar permeabiliteten i cellemembranen, altså kor porøs cellemembranen er. 

– For å seie det med enkle ord så bruker vi kontrastbobler som bankar på celleveggen og lager hol slik at andre stoff kan sleppe inn. Deretter lukkar celleveggen seg igjen, utan å bli øydelagt, forklarer Gilja. Stoffet som blir sleppt inn i denne studien er cellegifta Gemcitabin, som dermed kan angripe kreftcellene direkte.  

Kvinnelig og mannlig lege ser på ultralydskjerm. Foto

Professor og prosjektleiar Odd Helge Gilja viser stipendiat Ingrid Nordås korleis kontrastboblene «bankar på» celleveggen for å lage opning der cellegifta kan bli sprøyta inn.

Ifølgje Gilja er sonoporasjonsbehandlinga basert på allereie eksisterande teknologi i ultralydapparatet. Ekspert innan akustikk, Spiros Kotopoulis, er heilt sentral i prosjektet for å betre ultralydteknologien som ligg til grunn for behandlinga.

– Kontrastbobler har vore brukt til diagnostikk i 20 år, og både ultralyd og mikrobobler er tilgjengeleg i dagens kliniske verksemd. Men at denne kombinasjonen blir brukt til denne type behandling, er banebrytande nytt, seier Gilja.

Stor overføringsverdi

I Noreg får 5-600 menneske kreft i bukspyttkjertelen kvart år. Krefttypen rammar både menn og kvinner, hovudsakleg middelaldrande og eldre.
Den dårlege prognosen for pasientgruppa var årsaka til at Gilja si forskingsgruppe valde kreft i bukspyttkjertelen som utgangspunkt for studien sin, ikkje fordi det var best eigna.

– Det finst andre typar kreft som ville vore betre eigna for denne studien, for eksempel kreft i lever, bryst eller prostata. Men studien har stor overføringsverdi, så metoden vil forhåpentlegvis kunne prøvast ut i behandlinga av andre krefttypar også, seier prosjektleiaren.

Forskingsarbeidet har alt resultert i eit mangfald av nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar og interessentar. Forskingsgruppa har mottatt støtte frå det amerikanske National Institute of Health (NIH), og forskingsmidlane skal nyttast i vidareutviklinga av teknikk og implementering i større kliniske studiar.

Eit industrielt samarbeid med GE Global Research i USA har som formål å ytterlegare forbetre og forsterke den terapeutiske sonoporasjonsbehandlinga ved bukspyttkjertelkreft.

– Vi har også et samarbeid med eit norsk farmasøytisk firma med mål om å undersøke andre variantar av ultralyd og mikroboblebehandling, fortel Gilja. 


Sidan dette er verdas første kliniske studie kor sonoporasjon blir brukt til behandling av bukspyttkjertelkreft, er det behov for optimalisering av metoden i vidare studiar. 

Ifølgje Gilja er ein ny studie planlagt starta til neste år, og stipendiat Ingrid Nordaas skal inkludere 150 pasientar frå hausten av. I denne studien vil også anna cellegift bli nytta, og ein vil optimalisere bruken av ultralydbølgjene. Dette kan gi håp om betre helse og overleving for fleire menneske med alvorlege kreftdiagnosar. 

Gruppebilde helsepersonell foran medisinsk teknisk utstyr. Foto

Fra venstre: Ingrid Nordås, Georg Dimcevski, Odd Helge Gilja og Dr. Spiros Kotopoulis.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.