Les meir om vår nasjonale funksjon

Fagsenter for pasientrapporterte data har frå Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) fått i oppdrag å vere ein nasjonal ressurs for PROM (pasientrapporterte utfallsmål) og PREM (tilfredsheit med helsetenesta) i dei medisinske kvalitetsregistera (les meir).  Organisatorisk er Fagsenter for pasientrapporterte data plassert under Nasjonalt servicemiljø SKDE.

Fagsenteret har som føremål å:

  • Rettleie kvalitetsregistera i bruk og analyse av PROM/PREM
  • Bistå kvalitetsregistera med val av instrument, samt utvikling av nye instrument ved behov
  • Halde eit nasjonalt oversyn over kvalitetsregistera sin bruk av PROM/PREM
  • Fremje bruk av PROM/PREM i forsking og kvalitetsforbetring
  • Arrangere nasjonale og regionale seminar
  • Formidle informasjon via nettside som serviceplattform
  • Samordne arbeidet med PROM/PREM med andre nasjonale prosesser knytt til kvalitetsregistera
  • Bidra i tilretteleggjing for smidige datatekniske løysingar for datafangst (PROM)

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.