HELSENORGE

Kvifor viktig med satsing på stamcelleforsking i Helse Vest?

Stamcellebehandling har aukande betyding innan klinisk medisin. Dette vil medføre ein vesentleg auke i talet på pasientar som kan behandlast.

Mens verksemda så langt har vore konsentrert omkring hematologiske og onkologiske sjukdommar, kjem no regenerativ medisin inn for fullt. Regenerativ tyder behandling som fører til nydanning av celler og vev etter tap.

Nesten all klinisk forsking som blir driven i Noreg på dette feltet skjer i Helse Sør-Øst. For basalforsking er bildet noko meir nyansert, men ved førre tildeling av nasjonale forskingsmiddel innan stamcelleforsking vart ingen middel tildelt forskingsmiljø i Helse Vest. 

Ex vivo-laboratoriet på Rikshospitalet er sterkt fokusert på bruskdyrking, mens ex vivo-laboratoriet på Radiumhospitalet er leiande innan T-celleforsking og kreftvaksinar. Dette viser tydeleg behovet for satsing i vår helseregion. Satsinga blir vesentleg styrkt ved at fleire miljø har samla seg i Bergen Stem Cell Consortium. BSCC vil aktivt rekruttere samarbeidspartnarar frå heile regionen, og konsortiet vil endre seg i takt med denne utviklinga. 

Ved Haukeland universitetssjukehus førebur ein no bygging av ein ex vivo fasilitet. Dermed er grunnlaget for kliniske studiar innan stamcelleforsking til stades. BSCC vil bidra sterkt til at samarbeidet mellom klinikk og forsking kan bli styrka, slik at avansert personretta behandling kan setjast i verk innan Helse Vest.​

Fann du det du leita etter?