Kva er stamcelleforsking?

Stamcelleforsking er forsking på humane stamceller. Stamceller er umodne celler som utgjer ei slags ”råvare” for kroppen.

Stamceller er per definisjon celler som kan gi opphav til andre celler og vev og som har evna til sjølvfornying. Stamceller dyrka på laboratoriet gir oss også moglegheit til å studere sjukdomsutvikling på pasienten sine eigne celler. 

​Pasienten sine eigne hudceller kan med ulike metodar gjerast om til stamceller, som blir kalla induserte pluripotente stamceller (iPSC) som vi seinare kan differensiere til forskjellige vev som nerveceller, leverceller, hjarteceller mm. Med dette får vi moglegheit til å studere sjukdomsmekanismar og teste ut behandlingar utan å måtte involvere pasienten, og man kan rette opp ulike skadar på cellene som deretter injiseras tilbake til pasientane.


Induserte pluripotente stamcellar (iPSC) som er laga frå hudceller frå norske diabetespasientar