HELSENORGE

Ex vivo laboratorium til celleproduksjon ved Haukeland universitetssjukehus

For at stamceller skal kunne brukast til å behandle pasientar, krevst det ein svært høg grad av reinleik i laboratoriet. Ved Haukeland universitetssjukehus er det satt i gang arbeid for å bygge ein slik fasilitet.

Stamceller kan utvikle seg til mange ulike celletypar avhengig av vekstforhold og kva faktorar cellene vert stimulert med. Andre celletypar kan også påverkas til å utvikle seg til spesialiserte celletypar. Til forskingsforemål kan dette gjerast i vanlege laboratorium, som vi har fleire av i Bergen.
 
For klinisk bruk, det vil seie at cellene skal brukast for å behandle pasientar, krevst det ein svært høg grad av reinleik i laboratoriet. Ei kvar forureining vil kunne vere livstruande for pasienten. 
 
Ved Haukeland universitetssjukehus er det satt i gang arbeid for å bygge ein slik fasilitet. «GMP-godkjend ex vivo laboratorium» er det tekniske namnet på slike lokale. Det er mange regler og lover som må tas i betraktning. I byggeprosessen må det lagast eige ventilasjonssystem, og eit komplisert slusesystem skal sikre at det er mogleg å arbeide sterilt. 

Når dette laboratoriet er ferdig, vil celledyrking til klinisk bruk skje i Bergen. Inntil fasiliteten på Haukeland Universitetssjukehus er ferdigbygd må denne dyrkinga utførast «på kontrakt» ved eit laboratorium i Oslo og i utlandet. Den nye ex vivo fasiliteten opnar for moglegheita til å bruke celleterapi, med ulike celletypar, som behandling for pasientar frå hele Vestlandet.
Fann du det du leita etter?