Dette blir gjort ved å studere celler frå bukspyttkjertelen, men også frå andre diabetes-relevante organ. Desse cellene er ikkje desto mindre henta frå pasientane i form av hudceller som vi har omdanna til induserte pluripotente stamceller (iPSC) og vidare omdanna til celler av same type som dei ein finn i bukspyttkjertelen eller i andre diabetes-relevante organ.
Diabetes-gruppen blir leia av Helge Ræder.
Hudcellene er hausta frå individ i familiar med monogen diabetes (MODY-maturity-onset-diabetes of the young) – der dysfunksjonen skuldast ein enkel mutasjon i gen som er involvert i transkripsjonsreguleringa av betaceller i pancreas - eller frå andre pasientgrupper med diabetes eller sjukdommar som er relatert til diabetes. Arbeidet, som føregår i samarbeid med leiande forskingsmiljø i USA og saman med fleire grupper i Bergen, har fleire delmål: Desse delmåla er mellom anna å bruke proteomikk, genomikk og epigenomikk til å undersøke celler frå MODY-pasientar for å identifisere og validere signalvegar og regulatoriske mekanismar (miRNA og post-translasjonelle modifikasjonar) som kan føre til diabetes-utvikling. Vi vil òg teste hypotesen om at ved reparasjon av enkelt-base MODY-mutasjonar (in vitro mutagenese) så vil dette gjenopprette insulinsekresjon og normal cellefunksjon. Vidare vil vi undersøke korleis høgt blodsukker i fosterlivet hos mødrer med diabetes leier til auka risiko for diabetes og medfødde misdanningar i hjarte og nervesystem. Gruppa får økonomisk støtte frå Bergen Forskningsstiftelse, UiB, Helse Vest og Novo Nordisk Fonden.
Aktuelle lenkjer:
Induserte pluripotente stamcellar (iPSC) som er laga frå hudceller frå norske diabetespasientar.
This research was originally published in Journal of Biological Chemistry. Teo AK, Windmueller R, Johansson BB, Dirice E, Njolstad PR, Tjora E, Raeder H, Kulkarni RN. Derivation of human induced pluripotent stem cells from patients with maturity onset diabetes of the young. Journal of Biological Chemistry. 2013; 288: 5353-6. © the American Society for Biochemistry and Molecular Biology.
Induserte pluripotente stamcellar (iPSC) som viser typiske markørar for stamceller, til dømes SOX2, NANOG og OCT4.