10 millionar til immunterapi mot kreft

 

Prosjektet høyrer til hos både Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen (UiB).

FORNY2020 er Forskingsrådets program for forskingsbasert nyskaping ved universitet, høgskular, helseføretak og offentlig finansierte forskingsinstitutt. Monica Lislerud, senior forretningsutviklar i Bergen Teknologioverføring (BTO), er prosjektleiar for FORNY2020-søknaden.

Teamet er godt i gang med Fase I Klinisk Utprøving av CryoIT mot prostatakreft. Utprøvinga starta i 2015, og inkluderer 20 pasientar med prostatakreft med metastasar. Forskingsbiobank tilknytt studien gir verdifullt forskingsmateriale for avansert måling av immunresponsen hos pasientane, og er eit grunnlag for utvikling av neste generasjons immunterapi.

Finansieringa skal brukast til vidareutvikling av behandlingsmetoden, samt ein meir omfattande analyse av behandlingsresultata.

Prostatakreft-gruppa ved Klinisk Institutt 2, Universitetet i Bergen og Haukeland Universitetssjukehus har initiert og organisert cryoimmunterapistudien (CryoIT). Det er professor Karl-Henning Kalland, professor Bjørn Tore Gjertsen og Anne Margrete Øyan som står bak prosjektet. Christian Beisland, avdelingssjef Urologisk avdeling (HUS) er Principal Investigator for Fase I Klinisk utprøvning.

Det er oppretta eit firma, Alden Cancer Therapy II (ACT II), som eig lisensen til behandlingsprotokollen og er sponsor for den utprøvande CryoIT behandlinga. Bergen Teknologioverføring AS (BTO) er største eigar av ACT II på vegne av Helse Bergen og UiB. Forskarane er også medeigarar i selskapet.