kvinne i lab

Bergen Stem Cell Consortium (BSCC)

Hausten 2014 fekk Bergen Stem Cell Consortium (BSCC) tildelt strategiske forskingsmiddel for 2015 – 2019 frå Det regionale Samarbeidsorganet i Helse Vest.

BSCC er ei forskingssatsing som skal vere ein katalysator for stamcelleforsking i vest, leia frå og lokalisert til Helse Bergen. Satsinga er eit samarbeid mellom seks lokale forskingsgrupper som arbeider innan feltet stamcelleforsking. BSCC vil styrka samarbeidet mellom klinikk og forsking og aktivt rekruttere andre samarbeidspartnarar frå heile regionen.

Fellesmålet er å generere basal vitskapleg kunnskap når det gjeld bruk av stamceller og andre celleproduktar, og å innføre personleg tilpassa stamcelle-basert behandling.

Meir om oss  

Ved Helse Bergen har det vore drive klinisk stamcellebehandling sidan 1996. Frå 1996 har føretaket hatt regionalt behandlingsansvar for pasientar som treng høgdosebehandling med autolog stamcellestøtte.

Frå 2005 har føretaket hatt delt nasjonalt ansvar for transplantasjon av allogene hematopoetiske stamceller – saman med Oslo universitetssykehus. Hausting og oppbevaring av stamceller blir drive av Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT) ved Haukeland universitetssjukehus. Den kliniske transplantasjonsverksemda blir utført ved Hematologisk seksjon, Medisinsk avdeling, Kreftavdelinga og ved Kreftseksjonen på Barneklinikken.

BSCC.png

Til saman har det vore utført 350 stamcelletransplantasjonar i Bergen. Mangel på lokale som tillét dyrking av stamceller til pasientbruk (ex vivo ekspansjon) har avgrensa moglegheitene for ei vidare utvikling av det terapeutiske tilbodet til pasientar i Helse Vest. Så langt har dette ikkje fått kliniske konsekvensar for stamcellepasientane. Det har likevel vore nødvendig å avslå førespurnader om stamcelleisolasjon og dyrking i forbindelse med kliniske prosjekt i Stavanger og Bergen. 

No er det sett i gang arbeid med å bygge nytt akkreditert ex vivo fasilitet på Haukeland, og dermed vil ein kunne flytte den kliniske stamcelleverksemda i Helse Vest heim. Forskingssatsinga til Bergen Stem Cell Consortium peikar fram mot dei moglegheitene dette laboratoriet vil gi – her vil det bli drive pasientretta forsking og avansert persontilpassa behandling hand i hand. Det betyr at vi kan ta hand om alle stega i behandlinga lokalt. Heilt konkret vil det nye laboratoriet gje moglegheit til å dyrke nytt vev frå pasientane sine eigne stamceller. I tillegg vil stamcellene kunne påverkast slik at dei kan brukast til ulike behandlingsføremål.

Organisering

Professor Einar K. Kristoffersen, avdelingssjef ved AIT, leier Bergen Stem Cell Consortium. Professor og overlege Helge Ræder ved Barneklinikken og Professor Kamal Mustafa ved Institutt for klinisk odontologi, er nestleiarar. Begge leier i tillegg kvar sine forskingsgrupper.

Prosjektleiar er seksjonsoverlege og professor Tor Hervig, AIT. Både Hervig og leiarane av dei seks forskingsgruppene er medlemmer i styringsgruppa.

Styringsgruppa har regelmessige møter, og i tillegg blir det arrangert åpne fagmøte annan kvar månad der alle gruppene etter tur presenterer status for sine prosjekt.

Driftsansvar og organisatorisk ansvar

Sjef ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT), Einar Kristoffersen og direktør for laboratorieklinikken, Gunnar Mellgren, er med i styringsgruppa for prosjektet.

 

Styreleiar for BSCC, Tor Hervig, er overlege ved AIT og rapporterer direkte til avdelingssjef Kristoffersen. Avdelingssjefen ved AIT er sterkt involvert i prosjektet. AIT er tillagt driftsansvar for ex vivo fasilitet ved Haukeland universitetssjukehus. 

Det er tilsett to forskarar, Kimberley J. Hatfield og Tilo W. Eichler og ein bioingeniør, Merete Kallekleiv. Teamet skal bidra med kompetanse innan Good Manufacturing Practice (GMP) og skal arbeide med etablering av ein GMP-godkjent ex vivo fasilitet ved Haukeland universitetssjukehus. 

Når dette laboratoriet er klart vil vi kunne drive fullstendige kliniske stamcelleutprøvingar. Det vil seie at pasientar kan behandlast med celler utvikla frå stamceller og immunceller dyrka i Bergen. I dei kliniske utprøvingar som no vert utførd, vert stamcellene dyrka i Ulm i Tyskland og i Oslo. Dette er dyrt og tungvint, men nødvendig fordi dei laboratoria vi har hos oss ikkje oppfyller dei strenge krav som blir stilt for celledyrking til klinisk bruk.

Teamet skal også innarbeide forskingsmetodar som kan nyttast av forskargruppene i BSCC og dei skal støtte anna stamcelleforsking på Vestlandet. 

Regionalt samarbeid 

Helse Stavanger og Universitetet i Stavanger er involvert i delar av blodgruppa si forsking, og forskingsmiljø i Helse Fonna har samarbeidd med desse miljøa. Fedmeoperasjonsforskingsgruppa i Helse Førde samarbeider tett med feitt-gruppa.

Det er ein klar ambisjon om å utvikle det regionale samarbeidet. Vi har hatt møte med hemato-onkologisk avdeling ved Stavanger universitetssjukehus og har konkrete planar om felles PhD-prosjekt. Dette møtet konkluderte med at det skal skrivast ein intensjonsavtale om vidare samarbeid. Fagmiljøa ved alle føretak i Helse Vest vil bli invitert til det årlege stamcellemøtet Bergen Stem Cell Consortium arrangerer. 

I BSCC er det tilsett to forskarar og ein ingeniør med høg kompetanse i stamcelleforsking. Dei skal også medverke til at aktuelle metodar kan nyttast i heile regionen, og tilsette frå andre forskingsgrupper vil få moglegheit til hospitering i Bergen.

Vårt arbeid

Presseklipp

Kontakt

Epost til BSCC

Adresse:
Helse Bergen HF
Postboks 1400
Avdeling for Immunologi og Transfusjonsmedisin
Bergen Stem Cell Consortium
5021 Bergen



Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.