HELSENORGE

Norsk Tourette Forening

Annakvar torsdag kan medlemmar av Norsk Tourette Forening bli med på aktivitetar i bassenget på Energisenteret. 

​Når? 
Torsdagar frå kl. 17.00-19.00 følgjande datoar: 

  • 18.august
  • 1.september
  • 15.september
  • 29.september
  • 13.oktober
  • 27.oktober
  • 10.november
  • 24.november

Kvar?
Bassenget
 i Energisenteret for barn og unge.

Kven passar tilbodet for?
Medlemmar av Norsk Tourette Forening og deira familiar. Det er ingen aldersgrense, men alle under 12 år og dei som ikkje er symjedyktige må ha med seg ein vaksen. Det er maksimalt tre born per vaksen. 

Kva type aktivitet er dette?​​
Bading, symjing, leik og anna aktivitet i vatn. Aktiviteten passar alle aldersgrupper. 

Kostar det noko? 
Du må betale 20 kr i eigenandel kvar gong. Eigenandelen betalar du via VIPS til 690470. Merk betalinga med "Kom og svøm". Ved ankomst må du vise at du har betalt. 

Må eg melde meg på?  
Ja, du må melde deg på til vestland@touretteforeningen.no eller til tlf. 950 74 301 seinast to dagar før. Du kan melde på fleire samtidig, slik at du slepp å sende mange e-postar/SMS'ar. Om du har behov for å melde deg av igjen, kan du gjere det via SMS til 950 74 301. 

Korleis melder eg meg inn i Norsk Tourette Forening? ​​
​Du kan finne informasjon om medlemskap på Norsk Tourette Forening sine heimesider. Det er også mulig å melde seg inn som støttemedlem.

Kven kontaktar eg dersom eg har spørmål?
Du kan k
ontakte leiar Marwin på vestland@touretteforeningen.no eller 950 74 301. 

​Dersom du ikkje finn fram kan du ringe badevert på tlf. 55971245. Telefonen er bemanna 15 min før aktiviteten startar. ​​

​​Du finn også informasjon om tilbodet her: Invitasjon Kom og Svøm 2022.pdf

Bli betre kjend med Norsk Tourette Forening

Er du nysgjerrig på kva andre tilbod Norsk Tourette Forening har?
Sjekk ut heimesida deira for meir informasjon. 

Fann du det du leita etter?