HELSENORGE

For tilsette

Nysgjerrig på korleis du som tilsett i Helse Bergen kan nytte Energisenteret for barn og unge som ein del av pasientutredning eller -behandling, forskning eller eigenaktivitet? Her finn du svar! 

Korleis går eg fram?

​​Energisenteret som del av pasientoppfølging

Du som er behandlar til barn eller ungdom (0-25 år) kan bruke areala i senteret dersom du tenkjer det er hensiktsmessig og nyttig i behandlinga eller utredninga av vedkommande. 

For å få tilgang til romma kontaktar du energisenteret@helse-bergen.no. 
Skriv kva rom du ynskjer, tidspunktet du ønsker å bruke rommet, samt om rommet kan delast eller ikkje. Rommet er ikkje reservert deg før du har fått stadfesting frå oss. 

Du finn ledige tidspunkt for det aktuelle rommet sin tilhøyrande kalender i Outlook;

  • Gymsal: 
    Møterom, BUS1, HBE, Gymsal tribune
    Møterom, BUS1, HBE, Gymsal klatrevegg
    Merk: Bruk av klatrevegg og lounge krev kursing. Sjå under "Tilgang til aktivitetsromma..." for meir informasjon. 

  • Symjehall: 
    Møterom, BUS1, HBE, Terapibasseng
    Møterom, BUS1, HBE, Svømmebasseng stort
    Merk: Bruk av symjehall utanfor tidsrommet 08.00-15.30 i kvardagar krev at det er tilstades minst ein tilsett med godkjent livredningskurs og minst ein tilsett med godkjent HLR-prøve. Sjå under "Tilgang til aktivitetsromma..." for meir informasjon. 

  • VR-rom: 
    Møterom, BUS1, HBE, VR-rommet for barn og unge
    Merk: Bruk av rommet krev opplæring. Sjå under "Tilgang til aktivitetsromma...

  • Styrkerom: 
    Møterom, BUS1, HBE, Styrkerom rom 1306
    Merk: Bruk av rommet krev ein kort gjennomgang av utstyret i rommet. Sjå under "Tilgang til aktivitetsromma...​"

  • Møterom:  
    Møterom, BUS1, HBE, 1211/Selje (12stk)
    Møterom, BUS1, HBE, 1275/Bjørk (14stk)
    Merk: Møterom Selje er i 2022 kun mogleg å booke for tilsette som har sine kontor i Energisenteret. Møterom Bjørk er for alle tilsette i Helse Bergen. 

  • Poliklinikkrom:  
    Poliklinikkrom bookast via DIPS. 
    Kontakt energisenteret@helse-bergen.no for mer informasjon. 

For enkeltavtalar bør du ta kontakt med kontaktperson på Energisenteret minst ei veke før du ynskjer å bruke senteret. 
For serieavtalar bør du ta kontakt med aktuell kontaktperson på Energisenteret minst ein månad før du ynskjer å bruke senteret. 

Fritidsaktivitet for min pasient

På ettermiddag- og kveldstid har pasientorganisasjonar og idrettslag ulike former for tilpassa aktivitet i Energisenteret. Du finn alle aktivitetar, samt informasjon om påmelding, i oversikta her​

​Energisenteret samarbeidar også med fleire idrettslag i Bergen og omegn som har eit særleg fokus på tilrettelagt aktivitet. Er du usikker på kva som passar din pasient, ta kontakt med energisenteret@helse-bergen.no. Oppgje kven du er, kva aktivitetstypar du tenker kan vere aktuelt (lagidrett, ballidrett, individuell idrett, osv.) og kvar aktiviteten bør finne stad. Du finn også ei oversikt over aktivitetar i Vestland fylke i oversiktskartet her. 

Nokre barn og unge treng ekstra trygging i overgangen frå aktivitet i sjukehuset og til aktivitetar i sitt nærmiljø. I slike tilfelle kan det vere nyttig med ein Energikonsulent. 
Ta kontakt med ​Energikonsulent Vegard (vegard.berge.sandven@helse-bergen) dersom du tenkjer at dette er noko for din pasient. ​

Energisenteret til eit fagarrangement

Energisenteret låner i utgangspunktet kun ut areal til fagarrangement dersom: 

  1. Arrangementet har tilknytting til utredning, behandling eller oppfølging av barn og unge
  2. Arrangementet ikkje kræsjar med eller forstyrrar anna aktivitet i Energisenteret. 
Om du tenkjer ditt fagarrangement passar å halde i Energisenteret, sender du ein mail energisenteret@helse-bergen.no. Skriv kva rom du ynskjer å bruke, kva dato du ynskjer og eventuelle andre behov under arrangementet. 

Ynskjer du ein presentasjon om Energisenteret på arrengementet ditt?
Vi stiller gjerne opp! Ta kontakt på energisenteret@helse-bergen.no

Prosjekt eller forskning i Energisenteret

​Energisenteret heiar på prosjekt og/eller forskning som tar til sikte på å skape ein betre kvardag for barn og unge med særskilte behov. 
Ta kontakt med energisenteret@helse-bergen.no, og skisser kva du ynskjer å samarbeide om, korleis du ynskjer at Energisenteret skal vere innvolvert og antatt tidshorisont for prosjektet. ​​

Eigentrening i Energisenteret

Styrkerommet:
Styrkerommet kan nyttast av tilsette knytta til Energisenteret til eigentrening, såfremt det ikkje forstyrre pasient- eller pårørandetrening.
Bruk romkalenderen i outlook for å booke tid:  
Møterom, HBE, BUS1, Styrkerommet,  rom1306

Du treng ein gjennomgang av utstyret i rommet for å få tilgang til rommet på tilsettkortet ditt. Ta kontakt med energisenteret@helse-bergen.no for å avtale tid. 

​Symjebasseng og gymsal:
Tilsette kan bruke symjebasseng og gymsal gjennom HSI sine aktivitetstilbod​. Areala skal ikkje nyttast av tilsette og utanforståande utanfor oppsett aktivitet.​

Tilgang til aktivitetsromma - kva kompetanse treng eg? 

​Fleire av romma eller utstyret i Energisenteret krev kursing for å kunne nyttast. Vi sett opp kurs ved behov. Ta kontakt på energisenteret@helse-bergen.no når ønskeleg.

Gymsalen: 
For å få tilgang til gymsalen treng du kun spesialtilgang på tilsettkortet ditt. Ta kontakt pr mail og skriv kvifor du har behov for tilgang.

Klatreveggen: 
Krev brattkortkurs. Tilsette med brattkortkurs frå eksterne aktørar kan bruke veggen til pasientoppfølging utan nytt kurs gjennom Energisenteret. Kurs setjast opp etter behov.

Lounge: 
​Krev eige kurs. Kurset varer cirka 3 timar og består av ein teoretisk del og ein praktisk del. Kurs setjast opp etter behov.

Symjebassenget: 
For å nytte bassenget utan badevakt må det vere minst ein tilsett med godkjent livredningskurs. Kurset tek 6 timar og består av ein teoretisk del, ein praktisk del og ein del kor kursdeltakarane må gjennom sjølvbergingsprøva, livredningsprøva og må kunne gjere greie for alarmplanen. Kurset er godkjent i eitt år. Deretter må du ha årlege oppfriskingskurs på ca. 4 timar. Det setjast opp 4-6 oppfriskingskurs og 1-2 grunnkurs per år. Påmelding i Læringsportalen, eller ta kontakt ved behov.

VR-rommet: 
Krev eige kurs. Kurset varer i 60-90 minutter og består av praktisk utprøving av utstyr og feilsøking på de vanligste feil. Kurs setjast opp etter behov.

Styrkerommet: 
Krev kort gjennomgang av rommet, cirka 15 minutt. Settes opp ved behov.


Fann du det du leita etter?