Vi ynskjer å leige areal på Energisenteret for barn og unge til å drive tilpassa fysisk aktivitet - korleis går vi fram?
Ta kontakt med Energisenteret for barn og unge på energisenteret@helse-bergen.no. Skisser kva rom de ynskjer å leie, aktivitetstype, målgruppe, ønska tidspunkt og kontaktinformasjon. Vi vil snarleg ta kontakt for å avtale leige vidare.
Kva rom kan ein leige på Energisenteret for barn og unge?
Gymsal:
Her er utstyr for dei aller fleste ballaktivitetar, klatring, hinderløyper, rullestolaktivitetar og anna moro. Inkludert i leiga er garderober.
Det fins også prosjektor, to mikrofonar (ein handhaldt og ein mygg), musikkanlegg og sitteputer til tribuna.
Basseng:
Garderobetid er inkludert i leiga. Vi har to HC-garderober med dusjbenk og heis, ei instruktørgarderobe og ei herregarderobe og ei damegarderobe. I tillegg har vi mange dusjstolar som kan trillast frå garderober og ut i bassenget.
Inkludert i leigeprisen er ein badevakt. Leigetakar må stille med ein person over 18 år som har godkjent HLR-kurs, som er kjent med alarmplanen og som kan bistå badevakt i ein eventuell nødsituasjon. Har leigetakar ikkje dette, kan ekstra badevakt leigast frå Energisenteret.
VR-rommet:
Her er utstyr til VR-gaming og PC-gaming, samt ei sittegruppe for sosial samvær.
Styrkerommet:
Her er manualar, trekkapparat, tredemølle, beinpress, slynger og boksesekk.
Personar under 18 år må ha fylgje av ein vaksen når rommet brukast.
Møterom:
Vi har to møterom, eit berekna på 12 personar og eit berekna på 16 personar. Begge romma er utstyrt med prosjektor, PC og moglegheit for digitale møter. Det ligg eit tekjøkken i tilknyttning til møteromma som kan nyttast til å lage kafii/te og tilberede lett servering.
På kva tidspunkt kan ein leige Energisenteret for barn og unge?
Areala i Energisenteret for barn og unge kan leigast mandag til fredag mellom 15.00 og 21.00, samt laurdag og søndag mellom 08.00-21.00. Enkelte tidspunkt er allereie opptatt til faste avtalar. Kontakt energisenteret@helse-bergen.no for å få informasjon om tilgjenglege tidspunkt.
Romma kan leigast til enkeltarrangement eller for faste arrangement over ei lengre periode (eksempelvis eit skuleår).
Ordensreglar
Alle leigetakarar pliktar å setje seg inn i og fylgje ordensreglane for rommet dei leiger.
Ordensreglar for bassenget: Ordensregler basseng (PDF)
Ordensreglar for gymsalen: Ordensregler i gymsalen (PDF)
Ordensreglar for styrkerommet:Ordensregler styrkerommet (PDF)
Ordensreglar for VR-rommet: Ordensregler VR-rommet (PDF)
Har du spørsmål knytta til ordensreglane kontaktar du energisenteret@helse-bergen.no
Fins der alarmplanar for romma?
Alle leigetakarar pliktar å setje seg inn og fylgje i alarmplanen for rommet dei leiger.
Alarmplanar for Energisenteret
Har du spørsmål knytta til alarmplanane eller ynskjer fysisk gjennomgang kontaktar du energisenteret@helse-bergen.no
Kva med smittevern?
I situasjonar kor det er innført ekstraordinære smittiltak i samfunnet, fylgjer Energisenteret i tiltaka til Bergen kommune om ikkje anna er spesifisert. Leigetakarar vil bli informert over mail dersom smittevernstiltak vert aktuelt.